Bergensbanen: Opprydding i gang

Jernbaneverket starta natt til fredag oppryddinga på Hallingskeid stasjon etter storbrannen torsdag. Brannen, som oppsto i eit snøoverbygg og så spredte seg til eit heilt togsett, har ført til omfattande skader på spor og kontaktleidningsanlegg. Det er ennå ikkje klårt kor lang tid det vil ta før Bergensbanen kan opnast att for trafikk frå Myrdal til Finse.

Inntil det kan opnast forbi Hallingskeid stasjon blir det køyrd tog frå Oslo til Finse og frå Bergen til Myrdal. Passasjerar som skal forbi Hallingskeid, blir køyrd med bussar frå Ål til Voss/Bergen.

Det var snøoverbygget i austre ende av Hallingskeid stasjon som tok til å brenne. Tog 62 (frå Bergen til Oslo) blei ståande på Hallingskeid då straumen falt ut som følgje av brannen. Dei om lag 250 passasjerane frå toget blei evakuert  og seinare køyrd attende til Voss av eit anna tog. Ingen mennesker blei skadd. 

 - Vi er også glad for at stasjonsbygningen med tilhøyrande tekniske installasjonar blei redda, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket vest. - Stillverket og trafoar til staumforsyninga blei redda frå brannen og det betyr mykje for å få i gang i trafikken att.  

Skadene omfattar til saman om lag 700 meter kontaktleidning og 2x 300 meter med spor som må skiftast ut. I tillegg kan sporvekselen iaustre ende av stasjonen måtte byttast. Etter kvart må og snøoverbygget gjenoppbyggast på den verharde staden. - Det vert nå vurdert nå om vi kan få igang trafikken på spor to fyrst, men det utbrente togsettet må fjernast då det også sperrer innkøyringa til stasjonen, seier Hjertaas. NSB Berging og beredskap vurderer nå korleis det øydelagte togsettet kan fjernast.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.

Brannen startet i dette snøoverbygget på Hallingskeid. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>