Bergensbanen: Full innsats heile helga

Jernbaneverket og NSB berging og beredskap legger saman med entreprenørar ned ein stor innsats for å kunne opne Bergensbanen for trafikk att snarast råd. Gjennom helga vert det jobba med å fjerne det øydelagte togsettet og å byggje nytt spor og kontaktleidning på Hallingskeid etter storbrannen torsdag.

Her gås det gjennom hvordan det ødelagte toget skal fjernes. <strong> Foto: Bjørn Skauge </strong> 

Medan Bergensbanen er stengt ved Hallingskeid køyres det tog frå Oslo til Finse og frå Bergen til Myrdal. Passasjerar som skal forbi Hallingskeid, blir køyrd med bussar frå Ål til Voss/Bergen.

 Bergensbanen er svært viktig også for godstrafikken mellom Aust- og Vestlandet og det er av stor betydning å få banen opna att snarast råd. Det er ennå ikkje klårt kor lang tid dette vil ta, men måndag vil det bli gitt ein ny oversikt. Då kan det truleg også seiast når opning kan ventast forbi Hallingskeid.

Brannen i snøoverbygget på Hallingskeid torsdag, som også spredde seg til togsettet frå tog 62, førde til store skader på staden. Jernbaneverket og NSB Berging og beredskap starta opprydningsarbeidet natt til fredag og jobbar gjennom heile helga med raskast mogeleg gjenopning for trafikk som mål.

Fredag pågjekk arbeider med klårgjøring av det øydelagte toget for transport vekk frå Hallingskeid. Samstundes var gjenoppbygginga av spor to kome i gang.

Brannen i snøoverbygget i austre del av Hallingskeid i stasjon torsdag førte til ei enorm varmeutvikling. Heile togsettet frå tog 62 som hadde to motorvognsett type 73A, er totalskadd og det er store skader også på spor og kontaktleidning. Det viktigaste er sjølvsagt at ingen mennesker blei skadd i brannen.

- Vi er også glade for at stasjonsbygningen med tilhøyrende tekniske installasjonar blei redda, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket vest. - Stillverket og trafoar til straumforsyninga blei redda frå brannen og det betyr mykje for å få i gang i trafikken att.

Skadene omfattar til saman om lag 700 meter kontaktleidning og 2x 300 meter med spor som må skiftast ut. I tillegg kan sporvekselen i austre ende av stasjonen måtte skiftast. Etter kvart må også snøoverbygget byggast opp att på den verharde staden. - Det blir nå vurdert nå om vi kan få i gang trafikken på spor to fyrst, seier Hjertaas.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.

Enorm varmeutvikling da brannen i snøoverbygget antente togsettet og totalskadet også det. Både spor og kontaktledning må bygges opp på nytt, et arbeide som pågår for fullet gjennom helgen. <strong> Foto: Bjørn Skauge </strong>