Betre informasjon på stasjonane

Jernbaneverket monterer nye informasjonsanlegg for togpassasjerane ved 87 stasjonar på Austlandet. Stasjonane får monitorar eller anvisarar som syner togavgangar og eventuelle forseinkingar. Stasjonane får også betre høyttaleranlegg. Sjå informasjonsfilm!

(Saka oppdatert 3/1-2011 med filminnslag, fyrste gong publisert 27/11-2010).

For å kunne installere slike anlegg på stasjonane har det vore naudsynt med eit omfattande arbeid med nye teleanlegg og elektriske anlegg. Mange av stasjonane har fått nye informasjonsanlegg i løpet av hausten og arbeidet vil pågå også i dei fyrste vekene av 2011. Informasjonen om togtrafikken kjem i ”sanntid” og vert henta frå Jernbaneverkets trafikkstyringssystemer. – For å få slike anlegg i drift har det også vore naudsynt med eit tett samarbeid med kommunar og energiselskap, fortel prosjektleiar Lars Inge Graver. – Det er veldig bra at vi nå vert i stand til å betre trafikkinformasjonen til togpassasjerane, legg han til.

Det er ei lang liste over stasjonar som nå får nye eller forbedra anlegg:

  • Drammenbanen: Lier og Brakerøya
  • Kongsvingerbanen: Fetsund, Sørumsand, Blaker, Rånåsfoss, Haga, Årnes og Kongsvinger
  • Gjøvikbanen: Grefsen, Kjelsås, Åneby, Hakadal, Harestua, Grua, Roa og Jaren
  • Hovedbanen: Bryn, Alna, Nyland, Grorud, Haugenstua, Høybråten,  Lørenskog, Hanaborg, Fjellhamar, Strømmen, Sagdalen, Frogner, Kløfta og Dal
  • Dovrebanen: Tangen, Stange, Hamar, Moelv, Brumunddal og Lillehammer
  • Vestfoldbanen: Sande, Holmestrand, Skoppum, Tønsberg, Stokke, Torp, Sandefjord, Larvik, Porsgrunn og Skien
  • Sørlandsbanen: Gulskogen, Mjøndalen, Steinberg, Hokksund, Darbu, Skollenborg og Kongsberg
  • Spikkestadbanen: Bondivann, Heggedal, Hallenskog, Røyken og Spikkestad
  • Østfoldbanen, vestre linje: Nordstrand, Ljan, Hauketo, Holmlia, Rosenholm,  Kolbotn, Solbråtan, Myrvoll, Greverud, Oppegård, Vevelstad, Langhus, Ski, Ås, Vestby, Sonsveien, Kambo, Moss, Rygge, Råde, Fredrikstad, Sarpsborg og Halden
  • Østfoldbanen, østre linje: Kråkstad, Tomter, Spydeberg, Askim og Mysen

For uten desse stasjonane på Austlandet får og fleire stasjonar på andre strekningar, mellom anna på Bergensbanen, betre informasjonsanlegg.

Jernbaneverket brukte i 2010 meir enn 80 millionar på å byggje ut og betre informasjonsanlegga på stasjonane. Undersøkingar syner at betre informasjon til passasjerane ved driftsavvik er særs viktig. Sanntidsinformasjon om togtrafikken ved alle landets stasjonar kan og finnast her på www.jernbaneverket.no .  Jernbaneverket sin nye ”app” for trafikkinfo kan du laste ned gratis frå App Store ved å søkje opp 'Togtider', eller gå til m.jbv.no for bruk på smart-telefonar.

Ny anvisertavle på Sagdalen holdeplass.<strong> Foto: Rune Ness</strong>