Tryggare trafikk på Geilo

På Geilo er arbeida no i gang med en enda ein ny, stor undergang under Bergensbanen. Hol kommune og Jernbaneverket samarbeider for å fjerne farlege planovergangar, og i løpet av året forsvinn to problemovergangar like aust for Geilo. Resultatet blir tryggare trafikk og høve for vidare utvikling på staden.

Her ved Brusletto aust for Geilo sentrum kjem den nye undergangen. <strong> foto: Njål Svingheim </strong>
Bergensbanen går tvers gjennom Geilo, noko som heilt frå banen kom har gjort det nødvendig å krysse jernbanen. Trafikken over dei mange planovergangane på Geilo har i mange år vore eit stort problem for både vegtrafikken, jernbanen og Hol kommune. Både aust og vest for Geilo har planovergangar hemma tilgjenge til turområde, alpinanlegg, hyttefelt og for fastbuande. Vest for Geilo vart siste hand på verket gjort med den nye Gulstein-undergangen i fjor haust, no er turen komen til Brusletto og Øyo på austsida.

Tryggleik og utvikling


Hol kommune og Jernbaneverket løyser no i fellesskap trafikkutfordringane på Geilo. Anlegget av nesten ein kilometer ny veg, ny gangbru over sporet og ein stor undergang under banen er i full gang. Prislappen er på 29 millionar kroner der kommunen bidrar med 2/3 og Jernbaneverket med 1/3. –Dette er mykje pengar for ein liten kommune, men vi ser tiltaket som så viktig at vi meiner pengane er vel brukte, seier teknisk sjef i Hol, Jan Olav Trillhus. I tillegg til trygg ferdsel får kommunen med dette tiltaket også store nye utviklingsmoglegheiter. I Budalslia ovanfor jernbanen er det regulert inn eit stort, nytt hyttefelt, og plasseringa vert blant dei beste i Geilo. Dermed får kommunen både trafikktryggleik og høve til utvikling med dette tiltaket.

- Godt å stengje dei Prosjektleiar Sigurd Grønningseter.


Det skal bli godt å kunne stengje desse planovergangane her på Geilo, seier prosjektleiar Sigurd Grønningseter i Jernbaneverket. Brusletto og Øyo planovergangar, som blir lagde ned i tilknyting til dette anlegget, ligg begge slik til at større køyretøy står og sperrar jernbanen, mens dei ventar på å sleppe ut på riksvegen. Sjølv om overgangane har bomanlegg, kan altså større bilar verte ståande i sporet når toget kjem på grunn av dette. Vi har hatt fleire tilløp til ulykker her og er derfor glade for at vi snart kan leggje ned desse to problemovergangane, seier Grønningseter.

Fleire stader


Nedlegginga av Øyo og Brusletto planovergangar blir siste større prosjekt for større tryggleik og ferdsel på tvers av Bergensbanen på Geilo. For fem år sidan vart den store undergangen på Rønsgård vest for Geilo stasjon bygd. Da ble det mogleg med meir trafikk til slalåmbakkar og hotell på nordsida av jernbanen via den nye trygge undergangen der. Også da skjedde anlegget som eit spleiselag mellom Jernbaneverket og Hol kommune.

Heile anlegget skal stå ferdig i november. Du kan lese meir om Jernbaneverket og Hol kommune sitt samarbeid for tryggare trafikk på Geilo i neste utgåve av Jernbanemagasinet.