Tømmertransport på bane kan doblast med små tiltak

Den årlege transporten av tømmer og flis med jernbanen i Noreg kan med små tiltak doblast. I 2010 er det rekna at rundt 1,7 millionar kubikkmeter skogsvirke blir frakta på jernbanen.

Tømmertransporten på norske spor kan doblast med enkle tiltak. <strong>Foto: Njål Svingheim </strong> 

Dersom dei 1,7 millionane kubikkmeter tømmer som vert sende med tog i 2010 i staden skulle fraktast med vogntog på veg, ville dette innebere m.a. 49 000 fleire vogntoglass kvart år, auka klimagassutslepp tilsvarande 19 000 tonn CO2, rundt 270 fleire ulykker og om lag tre gonger høgare transportkostnader. Gjennomsnittleg strekning for tømmertransport på bane er på 25 mil.

Ein ny rapport frå Statens landbruksforvaltning og Jernbaneverket  viser at det er potensial for å auke den årlege transporten av tømmer og flis med jernbanen i Noreg med to. 
- Skognæringa er ein stor transportbrukar. Ei kostnadseffektivisering av transporten er avgjerande for næringa si konkurranseevne, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk, som nyleg fekk rapporten overlevert.

Rapporten presenterer også forslag til nødvendige eller fornuftige tiltak for å auke transportkapasiteten for tømmer. Utvalde terminalar og sidespor bør styrkast.

Vinn-vinnløysingar


- Her er det sjansar for vinn-vinnløysingar både for styresmaktene og næringa. Eg vil samarbeide med samferdselsstyresmaktene for å finne løysingar for å gjere det mogleg å auke tømmertransporten på jernbane.

- Både målt på økonomi, miljø og trafikktryggleik er jernbane eit klart betre alternativ over lengre avstandar enn vegtransport, seier Brekk.

Nasjonal transportplan

Statens landbruksforvaltning og Jernbaneverket fekk i september 2009 i oppdrag av Landbruks- og matdepartementet og Samferdselsdepartementet å greie ut moglegheiter og skrankar for at meir godstransport i skogsektoren kan overførast frå veg til jernbane og  kome med om prioriterte tiltak. Dette er i tråd med Nasjonal transportplan 2010-2019 som signaliserer viktige ambisjonar i arbeidet med å flytte transport frå veg over til bane og båt. Aktørar frå skognæringa har vore med i arbeidet med rapporten.

–  Konkrete investeringar på rundt 200 millionar kroner er foreslått av utgreiingsgruppa til terminalane Formofoss, Koppang, Vestmo, Norsenga og Hovemoen og eit nytt kryssingsspor på Kongsvingerbanen, seier marknadsrådgjevar Knut Bøe i Jernbaneverket som har vore med i arbeidet med rapporten.

Prosjektsamarbeidet mellom Jernbaneverket, Statens Landbruksforvaltning og skognæringa medverka til at investeringane til tømmerterminalar på 2011-budsjettet auka monaleg i høve til tidlegare år. 
Ola Christian Rygh, administrerande direktør i Statens landbruksforvaltning, landbruks- og matminister Lars Peder Brekk, Benthe Løvenskiold Kveseth, styreleiar i Norskog og Knut Bøe, Jernbaneverket. Foto: Landbruks- og matdepartementet