Normal trafikk att i Romeriksporten

Ein teknisk feil på eit lokaltog på veg frå Eidsvoll til Kongsberg gjorde at det eine sporet i Romeriksporten var sperra for trafikk torsdag føremiddag.

Passasjerane i toget med teknisk feil blei sitjande fast i toget i vel to timer før dei kunne gå over i eit anna tog. I mellomtida blei alle tog frå Lillestrøm i retning Oslo S omdirigert til Hovedbanen. Dette førte til ein del forseinkingar.

Togsettet blei fjerna frå sporet og trafikken kunne gå som normalt på begge spor att noko etter klokka 13.