Tinnosbanen vert sett i stand

Jernbaneverket vil setje i stand Tinnosbanen frå Notodden til Tinnoset slik at det framleis kan køyrast tog på strekninga. - Tinnosbanen er under vurdering for freding som ein del av den gamle transportkjeda fram til Rjukan, og ein arbeider for å få Tinnosbanen, Rjukanbanen og Tinnsjøferjene inn på Unescos verdsarvliste, - derfor gjør vi dette, seier banesjef Bjørn Ståle Varnes.

 
Tinnosbanen ved Årlifoss kraftstasjon. Foto: Njål Svingheim011 I 2011 er det hundre år sidan Tinnosbanen og Rjukanbanen fekk elektrisk drift som dei første normalsporbanane her i landet. Målet er at vi til dette spesielle jubileet igjen skal kunne køyre elektrisk frå Notodden til Tinnoset, seier Varnes. Arbeida i år tar sikte på at banen skal setjast i køyrande stand. Vi har ikkje tatt stilling til rekkjefølgda på tiltaka enno, men veit at vi må gjere ein del fjellreinsk, og reinsk av stikkrenner. Det må også gjerast ein del sporarbeid særleg ved planovergangar der sporet har blitt forureina av andre massar i ballasten. Også ein del sviller må bytast før banen igjen kan opnast for tog. Arbeida i år for å tillate togtrafikk på banen er kostnadsrekna til ca. 2,4 millionar kroner.

Også elektriske tog?

– Vi håper banen kan opnast for elektriske tog neste år dersom vi får nødvendige midlar til å setje i stand kontaktleidningen på strekninga, seier Varnes.

Planen er at straumen igjen skal setjast på leidningen i 2011 etter at omfattande skadar som følgje av tjuveri og hærverk er reparerte. Banestrekninga ovanfor Notodden har dessverre vore utsett for en del hærverk og tjuveri. Fleire kilometer av kontaktleidningsanlegget er stolne av kopartjuvar, og det er ein større jobb å få dette på plass igjen.

Tinnsjøferja Storegut og Rjukanbanen Mæl - Rjukan vart sett i stand til banen sitt 100-årsjubileum i fjor. Dette skjedde i regi av stiftelsen Rjukanbanen og med midlar frå blant anna Riksantikvaren. Samtidig gjorde Jernbaneverket det mogleg å køyre jubileumstog på Tinnosbanen fram til Tinnoset. – Nå fører vi dette arbeidet vidare, og vi tar sikte på å gjere fleire tiltak å på banen etter kvart for å leggje til rette for at strekninga kjem inn på UNESCOs verdsarvliste som ein del av den spesielle transportkjeda frå Rjukan, fortel Varnes. Arbeidet med å få Rjukan og transportåra dit inn på verdsarvlista vert leidd av Riksantikvaren

Om banen


Den ordinære godstrafikken på Tinnosbanen ovanfor Notodden stansa 4. juli 1991 da Norsk Hydro la ned det meste av produksjonen sin på Rjukan. Samtidig stoppa trafikken med jernbaneferjene på Tinnsjøen og togtrafikken på Rjukanbanen. Hydros transportlinje bestod av både Bratsbergbanen, Tinnosbanen og Rjukanbanen, inkludert jernbaneferjene på Tinnsjøen. I dag er det berre strekninga fram til Notodden som har ordinær togtrafikk.

Sjå også: Folkefest for jubileumstur

Vogner frå Hydros fabrikker på Rjukan dras her i land frå ferja på Tinnoset. Foto: Njål Svingheim)