Straumlaust på Drammenbanen

Like før kl. 15 måndag blei det straumlaust i det eine sporet mellom Lysaker og Stabekk. Nokre tog er innstilt medan andre avganger - som Spikkestad-Moss, Kongsberg-Eidsvoll, Drammen-Dal og regiontoget mellom Skien og Lillehammer får passere. Einskilde tog stopper på lokale stasjonar mellom Sandvika og Skøyen. Flytoget er innstilt mellom Skøyen og Asker. Det er oppretta ein busspendel mellom Oslo S og Asker.

Det er ikkje klart kva som er årsaka til at kontaktleidningen blei ødelagt. Følgjene av at det er strømløst på denne strekningen, er  store i form av innstilte tog og forseinka tog.  

Det er kl. 18 diverre ikkje mogeleg å seie når feilen vil vere retta.