Normal trafikk att på Bergen stasjon

Togea går nå som vanleg og Bergen stasjon er opna att etter at skadene på kontaktleidningsanlegget som oppstod tirsdag 23. februar, er ferdig utbetra.

Det var stort omfang av skadene som oppstod ved ei togpassering i 19-tiden tirsdag.   Mannskap frå Jernbaneverket har jobba med utbetring kontinuerleg  og stasjonen blei opna att i 20-tiden onsdag kveld.

Medan banen var stengd blei toga erstatta med bussar frå Bergen til Arna.