Straumsnes kryssingsspor teke i bruk

På kvelden onsdag 18.august vart det nye kryssingssporet på Straumsnes stasjon på Ofotbanen teke i bruk. Effektiv lengd på sporet er 785 meter og dermed er to av dei fem kryssingsspora på Ofotbanen fem kryssingsspor lengde. - Gledeleg er det også at vi held oss godt under den tildelte kostnadsramma for prosjektet, fortel prosjektleiar Nils Moen.

Straumsnes kryssingsspor vart opna for trafikk om kvelden 18.august. <strong> Foto: Nils Moen </strong> 
Straumsnes stasjon ligg ti kilometer frå Narvik, og saman med det nye kryssingssporet på Katterat stasjon som sto ferdig i 2002, bidrar dette til auka kapasitet på Ofotbanen. Gruveselskapet LKAB ønskjer å kjøre stadig fleire og lengre malmtog til Narvik, men anlegget vil også få tyding for andre godstog og for passasjertoga. Ofotbanen har fem kryssingsspor, og to av desse er med dette lengde til meir enn 750 meter. På svensk side er åtte av 12 kryssingsspor ferdig lengde. 

- Det neste prosjektet vert  lenging av kryssingssporet på Bjørnfjell stasjon, noko vi vonar å kunne starte på i løpet av få år, seier banesjef Thor Brækkan på Ofotbanen.

Forsert utbygging


Lenginga av Straumsnes kryssingsspor vart påbyrja i fjor og det er gjennomført store sprengingsarbeid for å få plass til sporet i det bratte terrenget på staden. - Arbeida er forserte av omsyn til den store trafikken på banen, fortel prosjektleiar Nils Moen. - Sjølv om vi no har sett i gang trafikken på sporet, står det att en del etterarbeid slik at alt først blir helt ferdig neste sommar.

Hovudentreprenør for underbygning har vore TP Maskin frå Finnsnes i Troms, mens Balford Beatty Rail har stått for overbygning og elektro. Totalt vil anlegget komme på ca. 55 millionar kroner.

Arbeida med å sprengje ut plass for det nye sporet starta sommaren 2009. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>