Storhogst gir storgevinst i Hallingdal

Jernbaneverket sin store innsats for å rydde skogen langs jernbanelinjene gir no gode resultat i form av færre dyrepåkøyrsler, betre tryggleik og auka reiseoppleving. Gjennom Hallingdal er talet på elgpåkøyrsler meir enn halvert på dei tre åra sidan hogsten starta.

Lokførar Paul Ole Kleven og oppsynsmann Jon Anders Hefte frå Jernbaneverket er godt nøgde med skogryddinga i Hallingdal. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
Når Jernbaneverket no satsar store beløp for å rydde vekk all skog inntil jernbanelinjene, er det ikkje berre på grunn av viltet. – Hovudårsaka er at vi må arbeide systematisk for å betre regulariteten i togtrafikken, fortel Jon Anders Hefte. Han har ansvaret for skogryddinga gjennom Hallingdal og er også oppsynsmann på strekninga.

- Situasjonen var på grunn av tronge vedlikehaldsbudsjett blitt så ille at vi hadde tre heilt inntil sporet på store delar av banen.

Vi visste derfor at ved store snøfall eller kraftig vindvêr, ville det nokså sikkert falle tre over kontaktleidningen med etterfølgjande stans i trafikken. No er dette problemet ikkje-eksisterande heilt frå Hønefoss til Geilo, smiler Hefte. Strekninga er 160 kilometer lang.

Betre og trivelegare


Ein annan som smiler er lokførar Paul Ole Kleven. – No har vi fått ein heilt ny kvardag, seier Kleven. Det har blitt langt trivelegare å køyre tog gjennom dalen. No ser vi mye lenger enn før, og med eit persontog kan vi ta forholdsreglar om vi ser elg inntil banen, seier han. Det er sjølvsagt ikkje alltid dyrepåkøyrsler er til å unngå, nokre gonger spring elgen berre rett ut i sporet, men tala er på kraftig veg nedover: frå 108 påkøyrsler i perioden frå april 2007 til mars 2008, via 67 påkøyrsler i same periode i fjor, og til 45 påkøyrsler frå april 2009 til mars 2010.

Turistbane


– Det er aldri noko morosamt å køyre på dyr. Kvar gong er det ei belastning for oss som køyrer toga, forutan at det også skaper forseinkingar, seier Kleven. Han er også veldig glad for at Bergensbanen igjen kan forsvare å kalle seg ein turistbane gjennom Hallingdal. Dei siste åra hadde attgroinga langs banen vore så stor at det dessverre har vore lite å sjå for turistane. Mange fine utsiktspunkt på for eksempel strekninga Ørgenvika - Gulsvik hadde grodd att. No kan utsikten til vakre Norefjell og Krøderen igjen nytast på strekninga, smiler lokføraren.
No som kvardagen for både lokførarar og passasjerar har blitt så mye betre på banen gjennom Hallingdal har Paul Ole Kleven ein ting å leggje til:

- Nåde Jernbaneverket om de ikkje no held dette i sjakk slik at det gror att på nytt!

Mens tala på elgpåkøyrsler har gått kraftig ned på jernbanen i Hallingdal har påkøyrslene dessverre auka på riksveg 7 gjennom dalen.
Du kan lese meir om skogryddinga langs jernbanen i komande utgåve av Jernbanemagasinet.

Gjennom Hallingdal vaks skogen tett inntil jernbanelina, no er utsikta frå toget mykje betre. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>