Stor arbeidshelg på Bergensbanen

I helga 22.-24. oktober skal det utførast større arbeid fleire stader på Bergensbanen. Mellom anna skal ein ny stor undergang under sporet leggjast inn ved Brusletto på Geilo. Banen er derfor stengt for vanleg trafikk frå fredag kveld til søndag morgon.

     

I tillegg til innlegging av tre nye undergangar skal det og utførast viktig vedlikehaldsarbeid.  Også Østfoldbanen skjer det store arbeider denne helga, sjå eigen sak.
 

Frå fredag 22.10 kl. 22:40 til søndag 24.10 kl. 09:30 medfører anleggs- og vedlikehaldsarbeida innstilte tog og tilbod om busstransport som erstatning for persontrafikken på Bergensbanen. Dette gjeld og for nattoga natt til laurdag 23/10. Laurdag 23/10 er all persontrafikk på banen innstilt og erstatta av bussar. (Stasjonar og haldeplassar som ikkje har vegtilknytning, har ikkje tilbod om anna transport, sjå NSB.no for fleire detaljar).

Brusletto på GeiloHer ved Bruslettop på Geilo blir det lagt inn en ny stor kulvert for veg under sporet. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>


Det mest omfattande prosjektet er innlegginga av ein stor betongkulvert ved Brusletto på Geilo. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Hol kommune og Jernbaneverket. Hol kommune er byggherre, medan Jernbaneverket har påtatt seg prosjektleiarrolla. Hol kommune og Jernbaneverket løyser nå i felleskap trafikkutfordringane på Geilo. Anlegget omfattar nesten ein kilometer ny veg, ny gangbru over sporet som vart opna i september og ein stor undergang under jernbanen med innvendig mål på 5,0x4,75 meter.

Prislappen er på 29 millionar kroner der kommunen står for 2/3 og Jernbaneverket  1/3. –Dette er mykje pengar for ein liten kommune, men vi ser dette som så viktig at vi meiner pengane er vel anvende, seier teknisk sjef i Hol, Jan Olav Trillhus. I tillegg til trygg ferdsel, får kommunen med dette tiltaket også store nye mogelegheiter for utvikling. Bortsett frå montering av sjølve kulverten, er det aller meste av det nye vegsystemet ferdigstilt.

Monteringa av kulverten startar fredag 22.okt kl 23:45, og skal vera ferdig innan søndag 24.okt. kl. 7.00. Prosjektet eliminerer Øyo og Brusletto planovergangar, og entreprenør er firmaet Contexo. 
 Prosjektleiar Sigurd Grønningseter
- Det er godt å kunne stenge desse planovergangane her på Geilo, seier prosjektleiar Sigurd Grønningseter i Jernbaneverket. Det har vore fleire nesten-ulukker på desse stadene, legg han til. Nedlegginga av Øyo og Brusletto planovergangar er det siste større prosjektet for betre tryggleik for ferdsla på tvers av Bergensbanen på Geilo. Tidlegare er er det bygd fleire undergangar for mellom anna å skaffe betre og sikrare trafikktilhøve til slalombakkar, hotell og hytter.

Nøkleby ved Hønefoss


Ved Nøkleby om lag sju km vest for Hønefoss skal det etablerast ein ny jordbruksundergang som ein del av ny Riksveg 7 Ramsrud – Kjeldsbergsvingane. Det primære føremålet er å avbøta jordbruksulemper som følgje av riksvegprosjektet. Statens vegvesen er byggherre, men Jernbaneverket yter eit anleggstilskot på 1,5 mill. kroner for å få lagt ned ein planovergang. Entreprenør er Hæhre Entreprenør AS.

Tørhaug ved Vikersund


Ved Tørhaug på Randsfjordbanen om lag tre kilometer nord for Vikersund, skal det leggjast inn ein betongkulvert med indre mål 4,5x4,5 m. I tillegg omfattar prosjektet anlegg av bustad-og landbruksveg på i alt ca. 470 meter. To planovergangar kan fjernast. Montering av kulverten startar fredag 22.10. kl. 21:20, og skal vera ferdigstilt innan søndag 24.okt. kl. 9:00. Kostnaden er ca. 6,0 millionar kroner, finansiert over Jernbaneverkets planovergangsprosjekt. Entreprenør er Hæhre Entreprenør AS.

Vedlikehaldsarbeid


Ved Urdland stasjon i Raundalen og ved Selheim fem kilometer lenger vest, skal to bruspenn skiftast ut til nye ståltrau. På Vossebanen skal det skiftast ut ein sporveksel på Trengereid stasjon, det skal utførast skjenebyte i Ulriken tunnel, og grøfting og anna dreneringsarbeid mellom Arna og Trengereid.

Sjølv om mange tog er innstilte, vil det bli kjørt arbeidstog utanfor rute. Ein må derfor forhalda seg som om det går ordinær togtrafikk på sporet – tog kan ventast til ei kvar tid.

Jernbaneverket seier seg lei for dei ulempene trafikkomlegginga medfører for dei reisande.


 
Her Gulstein vest for Geilo vart det etablert ein nye undergang sist haust. (Foto: Njål Svingheim)