Bestun snustasjon friskmeld

Feilen på ein sporveksel ved Bestun snustasjon i Oslo er utbetra, og all togtrafikk i Oslo-området går måndag kveld som normalt mellom Oslo S. og Skøyen.

Feilen på ein sporveksel ved Bestun snustasjon rett vest for Skøyen førde til at ei rad tog måtte innstillast på strekninga frå Oslo S til Skøyen. Feilen råka berre tog som normalt snur på Bestun,  gjennomgåande tog på Drammenbanen blei ikkje råkat. Toga som skulle snu på Skøyen/Bestun blei i staden snudd på Oslo S inntil feilen var reparert.

Arbeidet med å utbetre feilen vart avslutta ved 19.20-tiden måndag kveld.