Romeriksporten opna att

Romeriksporten blei klokka 09:13 opnet for trafikk att og togtrafikken vil normalisere seg. Tunnelen var tirsdag morgon stengd for trafikk og alle tog kjørte Hovedbanen frå Oslo S til Lillestrøm.

Dette førte til ein del innstillingar og forseinkingar.

Årsaka var eit skinnebrot i tunnelen som måtte utbetrast før trafikken kom i gang att.