Rassikring på Bergensbanen

Montering av snøforbygningar ved Kleven og Reinunga mellom Hallingskeid og Myrdal stasjoner er dei største rassikringstiltaka på Bergensbanen i år. Solide stålkonstruksjonar skal hindra snøen frå å gli ut mot sporet.

Rassikring ved Reinunga på Bergensbanen. <strong> Foto: Inge Hjertaas </strong>  
Både ved Kleven og Reinunga er har det gått fleire snøskred og nå blir banen betre sikra mot ras.  Ei ny avsporing, slik som hendinga i 2007,  kan i verste fall få alvorlege konsekvensar. Jernbanen ligg i dette terrenget på ei hylle i fjellsida,  og her er det bratt og langt ned før terrenget flatar ut mot dalbotnen. Klimaendringane, med meir ekstremnedbør, vil oftare gi høg skredfare i fjellet, og tiltak som i Reinunga og Kleven kan visa seg å bli nødvendige også andre stader.

Helikopter må til


Arbeidet med forbygningane ved Reinunga vert ferdige denne veka, men på platået ovanfor jernbanen vert det supplert med ein snøskjerm. Formålet med skjermen er å få drevsnøen til å fonna seg oppe på platået, og med det redusera snøavlagring i det rasfarlege området over sporet. Snøskjermen er av tradisjonell, velprøvd type, med reisverk av grovt tømmer og bordkledning. Med desse to tiltaka på plass, har jernbanen blitt vesentleg mindre utsett for ras.

Logistikken er ikkje heilt enkel når denne type arbeid skal gjennomførast i eit slikt område. Det er store volum vi snakkar om, totalt er det til Kleven og Reinunga frakta inn 500 tonn stål, 50 tonn gysemasse og 20 tonn anna utstyr. Det aller meste er tatt inn med helikopter frå ein oppsamlingsplass for materiellet, helikopteret blir og brukt i samband med monteringa.

Snøarmeringer ved Kleven på Bergensbanen <strong> Foto: Rune Kilen </strong>