Leiar for punktlegskap tilsett i Jernbaneverket

Tone Norløff er tilsett som leier for punktlegskap i Jernbaenverket. Norløff er nåværande plansjef for fremkommeleg-/punktlegskap i Ruter. Ho vil tiltre i stillinga i løpet av første kvartal 2011.

48-åringen har leia arbeidet med punktlegskapi Ruter sidan våren 2002, og ho har vore plansjef sidan 2009. Konkret har Norløff jobba med å auke punktlegskapen slik at rutetider kan overhaldast. Norløff var aktivt involvert i arbeidet med å få trikkane i Oslo til å køyre ti minutters frekvens framfor 15 minutters. Jernbaneverket sin nye leiar for puinktlegskap er utdanna sivilingeniør frå NTNU med hovudfag i prosjektstyring. Ho har også erfaring frå bygg-, eiendom- og offshorebransjen.

 - Eg ser på dette som ein morosam og utfordrande jobb. Samstundes føler eg meg kompetent ettersom eg har jobba med liknande arbeidsoppgåver i Ruter. Ambisjonane mine som  leiar for punktlegskap i Jernbaneverket er sjølvsagt at punktlegskapen må opp, sier Norløff.