Positive resultat av konkurranseutsettinga på Gjøvikbanen

Konkurranseutsettinga av Gjøvikbanen har vore vellukka. Driftskostnadane for persontrafikken på banen er redusert med 12 prosent, det går fleire tog og løns- og arbeidstilhøva for dei tilsette er ikkje svekka. Dette er hovudkonklusjonane i ein rapport frå TØI om Gjøvikbanen fem år etter konkurranseutsettinga.

Gjøvik stasjon ein regnversdag sommaren 2010. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
I 2006 vann det nye selskapet NSB Gjøvikbanen AS konkurransen om å køyre persontrafikken på Gjøvikbanen for ein periode på ti år. Gjøvikbanen er framleis den einaste strekninga i Noreg der persontrafikk med tog er sett ut på anbod. Transportøkonomisk Institutt har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet laga ein rapport om verknadene av konkurranseutsettinga etter nærare fem års drift.

Rapporten syner at kostanadene med å drive persontrafikken på Gjøvikbanen er redusert med 12 prosent i høve til åra før. Samstundes har det blitt fleire togavgangar, fleire passasjerar og brukarane er meir nøgde med tilbodet enn før. Det kjem også fram at dei tilsettes løns- og arbeidsvilkår er uendra.

NSB Gjøvikbanen AS nytter 10 ombygde togsett av typen 69G på Gjøvikbanen. Desse toga har høgare standard enn dei vanlege toga i lokaltrafikken på Austlandet og er difor også tilpassa regiontrafikken på banen.

- Konkurranse på sporet er likevel ikkje noko sesam-sesam, og løyser ikkje til dømes store problem som heng saman med gamalt togmateriell og nedsliten infrastruktur, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Rapporten vil mellom anna vera ein del grunnlaget for å vurdera ein søknad frå Flytoget om å få driva persontransport på strekningar som ligg utanfor det området der selskapet i dag har eit rutetilbod.

Les rapporten frå TØI her.