Omfattande svillebytte på Rørosbanen

Torsdag 16.september gjekk startskotet for eit omfattande arbeid med utskifting av sviller på Rørosbanen. Fire delstrekningar i Østerdalen får nå nytt svilledekke.

Sporombyggingstog skal skifte nærare 20 000 sviller på Rørosbanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
 - Jobben vert gjort med sporombyggingstog og vi får eit veldig godt spor på denne måten, seier prosjektleder Jon Lillegjære på Røros.

Det er eit tysk sporombyggingstog frå entreprenøren Leonhard Weiss AG som utfører jobben med svillebytte på Rørosbanen. Toget kom til Østerdalen frå sporombygginga på Dovrefjell på seinsommeren, og no står fire delstrekningar frå Elverum i sør til Atna i nord for tur på Rørosbanen. - Samstundes med at vi skifter ut slitne tresviller som har , tek vi og med det øvste laget med pukk, fortel Jon Lillegjære. - Det skiftes ut og suppleres pukk ned til cirka ti centimeter under svillene og med nye betongsviller får vi da eit veldig godt spor.

Dei delstrekningane som no får nytt svilledekke og ny pukk er:

  • Mellom Elverum og Rudstad: 1,2 kilometer
  • Mellom Rudstad og Rena: 1,3 kilometer
  • Mellom Opphus og Koppang: 2,6 kilometer
  • Mellom Koppang og Atna: 6,7 kilometer
  • /LI>

Til saman skal det skiftast ut 19 600 sviller på Rørosbanen fordelt på ni skift med sporombyggingstoget. I tillegg er det på Rørosbanen i år skifta ut cirka 3000 sviller med traktorgravar og spesialutstyr, fortel Jon Lillegjære. Det køyrast eigne heiltog med sviller frå svillefabrikken ved Hønefoss til Elverum i forbindelse med arbeidet.

Banestandarden på Rørosbanen er med dette svillebytteprogrammet i stadig betring og det er planlagt å føre desse arbeida vidare neste år.

Mens arbeida går føre seg er det tidlegaste morgontoget sørover og det seinaste kveldstoget nordover i Østerdalen erstatta av bussar.

 
Denne lange rettstrekkja mellom Opphus og Koppang er blant dei som får nye sviller i år. <Foto: Njål Svingheim </strong>