NSB held fram med ekstratog under flystansen

NSB vil halde fram med å køyre ekstratog på hovedstrekningene så lenge problema i flytrafikken varer. -Vi køyrer med alt vi har av materiell og har leigd inn flytog for bruk på Østfoldbanen, seier Åge-Christoffer Lundeby i NSB. Vi vurderer situasjonen og behovet for ekstratog heile tida, seier Lundeby.

NSB vil køyre ekstratog og lengre tog så lenge det er behov. <strong>Illustrasjonsbilde: Njål Svingheim </strong> NSB har sidan torsdag køyrd ei rad ekstratog på Bergens- Dovre- og Sørlandsbanen. Kapasiteten i dei ordinære toga er også forsterka med ekstra vogner eller dobling av togsett. I helga blei det og køyrd ekstra nattog  mellom laurdag og søndag. På Bergensbanen har det dei siste dagane gått fem-seks ekstratog i tillegg til dei ordinære toga kvar dag. Også mandag vert det køyrd fem ekstra-avganger på heile strekninga. 

- Sjølv om det mandag er opent for flytrafikk igjen, er det svært usikkert kor lenge flyplassane vil vere opne, derfor må vi følgje sistuasjonen tett og leggje planar for ekstratog også i dagane framover, seier Lundeby.

 Vi gjer alt vi kan for å få folk fram, og det skal fortsatt gjelde, seier han. NSB har altså leigd inn ledige togsett frå Flytoget. Desse er sett inn på Østfoldbanen til Halden slik at toga derifrå kan settjast inn i langdistansetrafikk som dei passar godt til.   - Vi køyrer og med materiell som går på Flåmsbana om sumaren og har sett inn alt vi har av ekstra vogner. NSB køyrde også eit togpar som til vanleg går mellom Oslo og Dombås helt til Trondheim. - Vi ber folk som skal reise om å sjekke våre nettsider www.nsb.no der det blir orientert om alle ekstratoga, seier Lundeby.