Mandat for vidare utgreiing av høgfartsbanar

Samferdselsdepartementet har gitt Jernbaneverket i oppdrag å greie ut spørsmålet om høgfartsbanar i Noreg. Utgreiingsarbeidet blir organisert i ein prosjektorganisasjon, og arbeidet skal gi tilrådingar om ulike strategiar for utviklinga av persontogtransport på lange strekningar i Sør-Noreg.

Tysk høgfartstog. Foto: DB

Utgreiingsarbeidet skal samordnast med Jernbaneverket sitt arbeid med å vidareutvikle interctynettet på Austlandet og arbeidet med å greie ut kapasiteten for togtrafikken i Osloområdet.

Jernbaneverket skal greie ut kva for alternativ som er best eigna for å nå måla i transportpolitikken i dei ulike transportkorridorane. Dette skal blant anna omfatte:

- eit referansealternativ som skal vise konsekvensane av ei vidareføring av dagens jernbanepolitikk
- eit alternativ for ei meir offensiv vidareutvikling av det eksisterande jernbanenettet, også utanfor intercityområdet
- eit alternativ med høgfartsbanar som delvis byggjer på det eksisterande nettet og planane i intercityområdet
- eit alternativ med hovudsaklig separate høgfartsbanar.

Dei transportkorridorane som ein skal greie ut, er:
Oslo- Kristiansand – Stavanger
Oslo – Bergen
Oslo – Trondheim
Oslo – Göteborg
Oslo – Stockholm
I tillegg skal ein greie ut Bergen – Haugesund/Stavanger i kombinasjon med Oslo – Bergen og Oslo – Kristiansand – Stavanger.

Stillinga som prosjektleiar for høgfart er lyst ut, sjå stillingsannonsen her.

Heile mandatet for høgfartsutgreiinga ligg ved denne saka.