Normal trafikk i Oslotunnelen

Togtrafikken går nå som normalt att på begge spor gjennom Oslotunnelen etter at feilen på kontaktleidningen som inntraff tirsdag morgon 23. februar er utbetra.

Det var litt etter klokka halv sju tirsdag morgon at eit lokaltog på veg frå Mysen til Skøyen reiv ned leidningen det eine sporet mellom Oslo S og Nationaltheatret. Dette fødte til forseinkingar og innstillingar på strekninga.

Mannskap frå Jernbaneverket var ferdig med å utbetre skadene i 12-tiden tirsdag.