Koppang stasjonsområde ferdig oppgradert

Torsdag 30. september blei dei nye uteareala med plattformer, skysstasjon og jernbanepark på Koppang åpna. – Dette er ei gåve frå Jernbaneverket til oss som vi knapt kunne ha drømt om, sa ein vel nøgd ordførar Sigmund Vestad i Stor-Elvdal. Nærare seks millionar kroner er lagt ned i arbeidet som og har gjeve Koppang sentrum eit kraftig løft.

Dei strålta nærast om kapp med høstsola, både innbyggjarar, naboar og kommunens folk på Koppang stasjon torsdag 30.september. Den gamle stasjonsbyen midt i Østerdalen har gått gjenom ei kraftig opprusting det siste året. Det er bygd ny hovudplattform som og er forlenga til 100 meter og 55 centimeters høgde. Samstundes er heile området rundt stasjonen oppgradert med ny parkeringsplass, oppstillingsplassar for buss og taxi og grøntarealar. Stasjonsområdet midt i sentrum er med dette totalt fornya, og for kort tid sidan blei også venterommet og sjølve stasjonsbygnaden pussa opp i regi av ROM Eiendom AS. 

Viktig for kommunen

- Det som er dobbelt gledeleg for oss her på Koppang er den endringa som vi både ser og føler i høve til Rørosbanen, seier ordførar Sigmund Vestad i Stor-Elvdal.

Stasjonar blir pussa opp, plattformer blir forlenga og banen får betre spor. Dette skjer berre nokre få år etter at det mest var snakk om at banen hadde ei usikker framtid, seier Vestad. – Nå vil vi jobbe meir for å auke trafikken på banen og kanskje også for traseforbetringar og elektrifisering, seier ordføraren. Her på Koppang vil vi nå aktivt arbeide for å skape aktivitet på stasjonen og i parken, fortel Vestad. - Dei gamle bygningane blir eigd av ee stifting, og der har vi nå fleire som er interessert i å leige lokalar.

JernbaneparkMarit By


Koppang stasjon hadde allereie ved Rørosbanens åpning i 1878 ein jernbanepark ved den gamle stasjonsbygnaden. I dei seinere tiåra har parken blitt liggjande å forfalle, men i samband med den nasjonale verneplanen for jernbanen tok Jernbaneverket fram dei opphavelege tekningane frå den gang parken blei laga. – Denne parken er eit av dei eldste offentlege parkanlegga i landet, seier Marit By som arbeider med landsverneplanen i Jernbaneverket. Jernbaneparken på Koppang er eit eksempel på victoriansk hagestil. – Difor er det veldig spanande å kunne gjenskape dette anlegget i ein typisk stasjonsby som Koppang. Parken vil kome til sin fulle rett Tone Vanvikmyrfyrst når det spirer og gror igjen neste vår da arbeida nettopp er fullført.


Prosjektleiar for anlegget på Koppang, Tone Vanvikmyr, fortell at det og er gjort store grunnarbeider på stasjonsområdet da dette hadde dårleg drenering frå tidlegare. – Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med entreprenøren, Brødrene Gjermundshaug Anlegg AS, legg ho til.