-Avgjerande å stenge togtrafikken for effektivt sporarbeid

– Eg er ikkje i tvil om at det er viktig å stenge togtrafikken i fleire uker for å få gjort effektivt arbeid. Eg har vært med og sett nattarbeid i Oslo-tunnelen. – Det er ikkje mykje ein får gjort på få timer nattestid. Det er heilt avgjerande for dette prosjektet at togtrafikken vert stengt over lengre periodar, sa statsråd Magnhild Meltveit Kleppa under eit anleggsbesøk ved Sandvika.

Statsråden snakker med Martin Melby fra Baneservice og får orientering om kontaktledningsanlegget av Geir Pynten fra Jernbaneverket Utbygging.

Byggeleiar Rolf Harr Larsen frå Jernbaneverket kunne fortelje at dei har starta omlegginga av togtrafikken gjennom Sandvika til eit permanent mønster. Det nye dobbeltsporet skal koblast inn på Sandvika stasjon. I tillegg skal plattformene forlengast og gjerast klåre for dei nye, lange toga som NSB skal sette i drift. Han presenterte statsråden for ei liste med 1.200 aktivitetar som skal gjennomførast i løpet av dei 30 dagane Drammenbanen skal være stengt.

– Her blir det fullt kjør. Ting tek tid. Å ha 30 dagar utan togtrafikk er alfa og omega for oss, sa Rolf Harr Larsen, som saman med byggeleeiarane Geir Pynten og Lars Even Nilsen orienterte om arbeida.

 

Rolf Harr Larsen fra Jernbaneverket Utbygging viser statsråden og assisterende jernbanedirektør Stein O. Nes en liste over 1200 tiltak som skal gjennomføres under 30-dagers togfri anleggsperiode på Drammenbanen. Journalister og fotografer følger nøye med.

Prata med arbeidslaget
– Det er kjekt å kome ut og sjå. Ein ting er å lese om det, men eg får eei heilt anna forståing når eg er ute og treffer folk og pratar med dei som gjer jobben, sa statsråd Magnhild Meltveit Kleppa til arbeidslaget frå Baneservice og byggeleiarane frå Jernbaneverket.

Samferdselsminister Maghild Meltveit Kleppa brukte den siste arbeidsdagen før ferien på Sandvika og den komande 30-dagers anleggsperioden på Drammenbanen.

Sandvika stasjon er ein av mange stader langs Drammenbanen der det vil gå føre seg omfattande arbeider i sommer. 15 entreprenørar frå inn- og utland med eit mannskap på til saman fleire hundre skal arbeide intenst på heile strekninga frå Oslotunnelen til Drammen stasjon.