Framleis persontog på Bratsbergbanen

Persontrafikken på Bratsbergbanen mellom Prosgrunn, Skien og Notodden i Telemark vil halde fram. - Vi ønskjer å styrkja tog som framkomstmiddel, og har registrert det sterke engasjementet som er rundt Bratsbergbanen, seier samferdselsministeren.

Det blir framleis persontog Bratsbergbanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
Det såg ut til at persontrafikken skulle opphøre frå 13.juni då den gjeldande driftsavtalen på strekninga går ut. Men nå vil Staten likevel vidareføre drifta i fire år frå 1.januar 2011, om fylkeskommunen finansierer drifta ut året 2010.

- Regjeringa er innstilt på å inngå ein avtale med Telemark fylkeskommune om vidareføring av drift på Bratsbergbanen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Frå staten vil dette vera føresetnadene:

  • Statleg kjøp av persontransporttenester i ein prøveperiode på fire år, frå 1. januar 2011, innanfor ei årleg ramme på inntil 16 millionar kroner
  • Fylkeskommunal finansiering av drifta ut 2010.
  • At fylkeskommunen legg fram ein strategi for å auka passasjertalet til 100 000 per år. Ein føresetnad for vurdering av vidare drift ut over prøveperioden, er at dette målet blir nådd i periode.

Regjeringa legg til grunn at ein avtale blir inngått i god tid før framlegging av statsbudsjettet for 2011.