Fornyar sporet på Bergensbanen

På Bergensbanen gjennomfører Jernbaneverket i år sporfornyingar for vel 160 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til det ordinære vedlikehaldet og er viktig for å ta inn på etterslepet i vedlikehaldet.

 Betre spor på Bergensbanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

I Hallingdal vert det  for tida gjennomført eit større arbeid med å skifte slitte mellomlegg mellom skjener og sviller, isolatorar og klemfjører. Desse vert bytte  ut med nye i utsette kurver gjennom heile dalen.

- Det er etterlengta og viktig at vi nå får gjennomført dette prosjektet for å få bukt med problem som sporutviding og fare for solslyng, seier prosjektleiar Øystein Njåstad.  

Mellom Trolldalen lengst nede i Hallingdal og Tunga oppe på fjellet blir utskiftinga gjennomført i alle utsette kurver. Bergensbanen har mange kurver med radius 300 meter, og her blir sporet meir slitt og nedkjørt enn andre stader. 23 000 sviller får nå nye klemmer, mellomlegg og isolatorar.

Førebygger solslyng


Samtidig gjennomfører ein nøytralisering av sporet. Dette er saman med meir pukk også med på å førebyggje solslyng. I varme periodar dei siste somrane har det vore problem med saktekøyring og solslyng i Hallingdal. Sjansane for dette blir mindre etter kvart som prosjektet jobbar seg oppover i dalen.  

Norsk Jernbanedrift AS har kontrakt på jobben på Bergensbanen. Arbeidet vert utført ved at ein spesialutstyrt skjenegåande traktor køyrer over strekninga og riv av dei gamle pandrol-klemmene. Deretter vert skjenestrengen lyft opp frå svillene med ein spesiell jekk mens dei gamle mellomlegga og isolatorane vert fjerna manuelt. Så legg ein inn nye mellomlegg, som er ein betre type, nye isolatorar og nye klemmer vert lagde klare for maskinen. Til slutt køyrer traktoren over og fester dei nye pandrolklemmene. I tillegg kjem den viktige jobben med nøytralisering av skjenene i riktig temperatur.  

Peter Almgren fra Norsk Jernbanedrift AS har handlaget i orden og bereknar nøyaktig kor mange millimeter med skjene som skal kappast ut, før sporet vert sveist og klargjort for togtrafikk igjen. – Det blir mykje nattarbeid, seier Almgren. I Hallingdal vert det for tida jobba frå klokka 03 til klokka 09.30. Men her har vi brukbare arbeidstider og får gjort mykje på kvart skift, seier Almgren. Ca. 500 sviller får nye ”smådelar” på kvart skift, og 15 juli skal ”solslyng-prosjektet” i Hallingdal vere ferdig. 

Mange tilltak
På andre delar av Bergensbanen går det føre seg omfattande skjene- og svillebytte, og det skal køyrast heile 200 kilometer med sporpakking og 14700 kubikkmeter med pukk skal supplere ballasten som del av fornyingsarbeida på Bergensbanen i sommar. Andre viktige stikkord er drenering, grøftereinsk, stikkrenner og kulvertar. -Kan vi jobbe på same høge aktivitetsnivå i to-tre år til vil mykje av etterslepet vere tatt inn og banestandarden betrakteleg betre. Resultatet blir få feil og høg punktlegskap i trafikken, seier Njåstad.

Peter Almgren kapper skjener før nøytralisering og sveising. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>