Flåmsbana mot "gamle" høgder

Trafikken på Flåmsbana er igjen aukande. Etter rekordåret i 2007, med over 582 000 reisande på Flåmsbana, avtok trafikken noko. Finanskrisa var nok hovudgrunnen, men no har trenden altså snudd att.

Sjølv på ein hustrig novemberdag er det fotograferande japanarar på Flåmsbana. <strong>Foto: Inge Hjertaas</strong> 
Bølgedalen i 2009 var rett nok ikkje så djup. Det er ikkje så mange år sidan at 516 000 reisande hadde vore rekord. Driftsleiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling er derfor rimeleg fornøgd, for han kan visa til følgjande reisetal dei siste åra:

2005

475033

2006

536693

2007

582 826

2008

544 108

2009

516 164

2010 (prognose)

545 000

  
Den store auken kom altså i 2006, men Sivert Bakk har tru på at 2010 kan bli deira nest beste år. Månadsrekordar i september og oktober i år styrkjer han i trua på dette. - I år har Flåm hatt 106 anløp av cruiseskip, neste år er det alt innmeldt 131, seier Bakk. Eg vil også gi honnør til JBV for godt utført vedlikehaldsarbeid, legg han til.

Øystein Njåstad, prosjektleiar vedlikehald, kan fortelja at det i år er lagt inn 2000 nye sviller på Flåmsbana, og 1800 spormeter nye skjener. Dette er kanskje første gongen at Flåmsbana har fått heilt nye skjener. Opprinneleg vart sporet lagt med brukte 30 kgs skjener frå Bergensbanen, ved overgangen til 35 kgs profil der. Seinare fekk Flåmsbana 35 kgs brukte skjener då Bergensbanen gjekk over til 49 kg. På åttitalet vart det så lagt inn brukte 49 kgs skjener frå Bergensbanen. At banen no har fått heilt nye, 54 kgs skjener, seier noko om statusen dette lokomotivet i turistnæringa på Vestlandet no har.

Det skal òg leggjast til at Flåm Utvikling også bidrar ikkje så lite. I år har selskapet t.d. kosta omfattande skogrydding langs banen, for å gi turistane betre utsikt.