Driftsstans på Sørlandsbanen

På grunn av kabelbrudd på Sørlandsbanen mellom Kongsberg og Darbu i natt, er det blitt kjørt buss for tog mellom Oslo og Kongsberg. Reparasjonsarbeidet vil ta enno nokre timar. Frå kl. 19 i kveld startar imidlertid togtrafikken på strekninga opp att, men toga vil gå med sakte fart mellom Kongsberg og Darbu til skaden er utbetra.

Det har også vore driftsproblem på andre strekningar siste to døger.

På Vestfoldbanen gjekk det to is- og snøras mellom Larvik og Oklungen i går ettermiddag. Dette måtte ryddast, og strekninga visiterast for ev. fleire ras. Togtrafikken måtte innstillast på strekninga Larvik - Skien, og passasjerane fraktast med buss. Kl. 9.22 i dag vart strekninga opna att, og togtrafikken går no som normalt.

På Nordlandsbanen hamna eit vogntog i sporet litt sør for Mo i Rana kl. 19.20 i går kveld. Dette skuldast ei trafikkulykke på vegen like  ved, der fleire bilar var involverte. Banen måtte stengjast, og her òg vart det sett inn bussar for å avvikla passasjertrafikken forbi ulykkesstaden. Vogntoget var fjerna og strekninga opna for trafikk att kl. 5 i dag..

På Vossebanen gjekk det eit sørperas ved Evanger og eit isras ved Stanghelle i går kveld. I tillegg førte den kraftige nedbøren og mildvêret til overvatn i sporet fleire stader, og strekninga Voss - Arna måtte stengjast for trafikk fram til kl. 7 i dag. Dessutan gjorde ei mindre utgliding av massar under sporet vest for Bulken at strekninga Evanger - Bulken var stengt til kl. 12 i dag. Lokaltogsreisande vert frakta med buss mellom Voss og Evanger, og for fjerntogsreisande gjekk det buss mellom Bergen og Voss. Trafikken går no som normalt.

Dovrebanen var stengt mellom Brumunddal og Rudshøgda frå kl. 10.10 til kl. 12.30 i dag pga. at eit tre vart felt inn mot kontaktleidningen. I denne perioden gjekk det buss for tog mellom Moelv og Brumunddal.