Dovrebanen stengd frå Dovre til Dombås

Dovrebanen er stengd frå Dovre til Dombås etter ei planovergangsulukke onsdag 8/9. Sjåføren av ein lastebil mista livet i ulukka.

Toget hadde fire vogner, men ingen passasjerar blei skadde.  
Tog sørfra går til Vinstra og tog nordfra går til Dombås. Passasjerane køyres med bussar på den innstilte strekninga. 
 
Jernbaneverket og NSB Berging og beredskap arbeider onsdag ettermiddag og kveld med å fjerne det skadde togsettet og å reparere sporet. Dovrebanen vil bli opna så snart dette arbeidet er ferdig.
 
Det er ikkje klårlagt kvirfor lastebilen var  på sporet då toget kom. Planovergangen er sikra med bomanlegg.