Dovrebanen opna att ved Minnesund

Dovrebanen blei like etter klokka 09.30 torsdag morgon opna att frå Minnesund til Tangen. Ved 07.30-tida torsdag morgon blei det registrert ei synkning i sporet ved Dorr bru like nord for Minnesundbruene. Jernbaneverket kom raskt til staden og fekk fylt på meir pukk i sporet og køyrd pakkmaskin slik att trafikken kom i gang att etter vel to timer.

Like nord for Minnesundbruene har Statens vegvesen og Jernbaneverket eit felles utbyggingsprosjekt for nytt dobbeltspor og ny firefelts motorveg. Der veg og jernbane krysser kvarandre, går det føre seg eit anleggsarbeid som mellom anna annet inneber spunting i grunnen.