Bergensbanen opna

Bergenbana opna att for trafikk mellom Myrdal og Mjøfjell kl. 05.59 fredag morgon. Banen har vore stengt på grunn av øydelagt KL-anlegg sidan torsdag kveld.

Ein flagrande presenning på eit godstog tok med seg delar av KL-anlegget, mellom anna seks utliggarar ved Vieren, like vest for Myrdal. Berelina på køyreleidningen vart og skadd. Godstoget blei ståande på fri line då straumen forsvann og sperra såleis for eit ettermiddagstog frå Bergen og eitt frå Oslo.

Først då mannskap frå Jernbaneverket hadde klart å få godstoget inn til Mjølfjell stasjon slik at dei sjølve kunne inspisere vidare austover, fann dei staden der skaden hadde skjedd.

I ettermiddagstoget frå Bergen var det omlag 200 passasjerar som fikk tilbod om å bryte av reisa og vende attende til Voss og Bergen. Nattoget frå Bergen til Oslo vart i natt innstilt medan nattoget frå Oslo kjem fram ein dryg time forseinka.