Avsporing i Kristiansand, ingen skadd

Ingen blei skadd da nattoget frå Oslo til Stavanger spora av ved innkøyringa til Kristiansand stasjon ved 04-tida natt til måndag. Avsporinga skjedde i låg hastighet.

Det var  to vogner som spora av.  I Kristiansand er det omkøyringsspor utanfor stasjonen slik at toga frå Oslo til Stavanger kjem seg forbi utan å køyre innom Kristiansand stasjon.

 Årsaka til avsporinga er ikke kjend, Statens hvarikommisjon for transport og Jernbaneverkets uhellskommisjon undersøkjer kva som skjedde.