Vellukka Skarverenn

Skarverennet av årgang 2009 vil bli hugsa som særs vellukka. Både togtransporten på Bergensbanen og sjølve rennet gjekk heilt etter planen. Vêret var også slik at rennet i år vert hugsa med glede av både deltakarar, arrangørar og jernbanen sine folk.

Stor trafikk på Finse stasjon på skarverennsdagen. (Foto: Bjørn Skauge)

12 900 deltakarar vart laurdag morgon 25. april frakta til start i årets Skarverenn på Finse. Det 37 kilometer lange turrennet frå Finse til Ustaoset er kvart år eit tradisjonelt punktum for skisesongen for mange. Også for verdseliten, rennet vart i år  vunne av Therese Johaug og verdscupvinnaren Dario Cologna frå Sveits. Men dei aller fleste tar rennet som ein tur, noko som i år vart ei flott høgfjellsoppleving i godvêret oppunder Hallingskarvet.  

- Vi endrar ikkje på eit opplegg som fungerer godt, seier Jernbaneverket sin trafikkplanleggjar, Terje Erdal. Både NSB og Jernbaneverket har ekstra mannskap i sving for å handsame den store ekstra trafikken på Bergensbanen denne helga. Til saman vert det køyrt heile 49 ekstra tog på banen i samband med Skavrerennet. Rennet vert arrangert av Geilo Idrettslag.

(Foto: Bjørn Skauge)