Tinnosbanen vert sett i stand til 100-års-jubileum

Jernbaneverket vil setje i stand Tinnosbanen frå Notodden til Tinnoset slik at det kan køyrast tog på strekninga i samband med banen sitt 100-årsjubileum. Tinnosbanen er ein lekk i transportkjeda som gjorde Norsk Hydro sitt industrieventyr på Rjukan mogleg. Tinnosbanen er under vurdering for freding som ein del av denne transportkjeda.

Tinnosbanen var ein viktig del av Norsk Hydro si transportlinje frå Rjukan til Borgestad. Her vert  vogner skifta i land frå Storegut på Tinnoset våren 1991. (Foto: Njål Svingheim)
- For at det skal kunne køyrast tog på banen vil vi gjennomføre ein god del vegetasjonsrydding, opplyser banesjef Bjørn Ståle Varnes. –Vidare må vi foreta fjellsikringsarbeid, sikre kontaktleidningsanlegget og utbetre ei samanrasa stikkrenne. Det må også gjerast nokre mindre signaltekniske arbeid, seier han. Banestrekninga ovanfor Notodden har dessverre vore utsett for ein del hærverk og tjuveri, og det vil i denne omgangen ikkje kunne køyrast elektriske tog på banen. Fleire kilometer av kontaktleidningsanlegget vart i fjor stolne av kopartjuvar, og det er en stor jobb å få dette på plass att.

Jernbaneverket planlegg også å gjere fleire tiltak å på banen etter kvart for å leggje til rette for at strekninga kjem inn på UNESCOs verdsarvliste som ein del av den spesielle transportkjeda frå Rjukan, fortel Varnes. I dag er det berre strekninga fram til Notodden som har ordinær togtrafikk. Jernbaneverket vil køyre målevogn på heile Tinnosbanen i sommar når tiltaka er gjennomførte, slik at det kan gjevast grønt lys for jubileumstog på banen i august.

Tinnsjøferja Storegut og Rjukanbanen Mæl - Rjukan skal også setjast i stand til jubileet. Dette skjer i regi av stiftinga Rjukanbanen og med midlar frå mellom anna Riksantikvaren.

Verdsarven
Den ordinære godstrafikken på Tinnosbanen ovanfor Notodden slutta 4. juli 1991 da Norsk Hydro la ned det meste av produksjonen sin på Rjukan. Samstundes stansa trafikken med jernbaneferjene på Tinnsjøen og togtrafikken på Rjukanbanen. Hydro si transportlinje var samansett av både Bratsbergbanen, Tinnosbanen og Rjukanbanen, og ho inkluderte jamvel jernbaneferjene på Tinnsjøen.

Rjukan med Rjukanbanen, Tinnsjøferjene og Tinnosbanen kan om få år bli å finne på UNESCOs verdsarvliste. Arbeidet med å få Rjukan og transportåra dit inn på verdsarvlista vert leidd av Riksantikvaren.
Året 2009 er av regjeringa utpeikt som kulturminneår, og istandsettinga av Tinnosbanen er eitt av Jernbaneverket sine bidrag i kulturminneåret.