Tiltak mot elgpåkøyrsler verkar

Jernbaneverket gjennomfører ei rad tiltak for å freiste å redusere talet på dyrepåkøyrsler. I Østerdalen er det gjennom fleire år gjennomført slike tiltak i samarbeid mellom grunneigarlag, kommunar, Vegvesenet og Jernbaneverket. –Trass i store snømengder i år så ser det så langt ut til at vi får ein nedgang i dyrepåkøyrslene, seier Stein Ranøien som arbeider med desse tiltaka på Rørosbanen.

Elg i sporet på Rørosbanen. (Foto: Anders Haakonsen)
- Oppskrifta vår for å få ned talet på påkøyrsler er å leggje ut fôr til elgen på høvelege stader i god avstand frå jernbanen, fortel Ranøien. Det vert i tillegg brøytt opp ei rekkje skogsbilvegar for at elgen skal kunne ta seg lettare fram i den djupe snøen. – Det er jo eit problem at elgen søkjer til jernbanelinja fordi det er lettare å ta seg fram der, seier Ranøien. Ved å brøyte opp fleire skogsbilvegar ser vi at elgen i staden bruker desse for å ta seg fram. Særleg inn til fôringsplassane legg vi vekt på at det skal vere enklast mogleg for elgane å ta seg fram.


Samarbeid
I 2003 vart det starta eit større samarbeidsprosjekt mellom kommunar, grunneigarlag, Vegvesenet og Jernbaneverket for å sjå på moglege tiltak for å redusere elgpåkøyrsler og andre dyrepåkøyrsler i Østerdalen. – Vi har nå halde på så lenge at vi har gode røynsler for at desse tiltaka hjelper. Vi har også i periodar køyrt opp løyper med snøskuter for å gi elgen andre stader enn jernbane og riksveg å ta seg fram på, fortel Ranøien.
 
Langs Rørosbanen går det også for seg skogrydding, og så langt i vinter er det rydda mykje skog langs jernbanen mellom Elverum og Rena. Skogryddinga er eit av dei viktigaste tiltaka, seier Ranøien. Når vi no held vegetasjonen nede langs sporet, vert det også samtidig mindre elg i desse områda, seier han. I fjor var heile strekninga frå Koppang til Atna ferdig rydda for skog langs sporet.
- Vi har eit godt samarbeid med viltstyresmakter og grunneigarar i Stor-Elvdal, Rendalen, Holtålen og Midtre Gauldal om fôring og skogrydding, seier Ranøien. Jernbaneverket yter tilskott til å leggje ut fôr til elgen og gjev tilskott også  til brøyting av skogsbilvegar.

Stein Ranøien arbeider med tiltak mot dyrepåkøyrsler på Rørosbanen. (Foto: Njål Svingheim)
Aukar innsatsen landet over
Jernbaneverket meiner at altfor mange dyr blir påkøyrde og vil halde fram med ein målretta innsats mot dette. På landsbasis skal det dei neste fem åra nyttast til saman 150 millionar kroner på skogrydding langs banane. I tillegg kjem også ekstra midlar til dette i år gjennom regjeringa si sysselsetjingspakke.
- Elgpåkøyrslene på jernbanen er ingen tryggleiksrisiko for togtrafikken, men dei er ei belasting for togpersonalet og fører også til forseinkingar i trafikken. Problemet med elgpåkøyrsler er også stort på vegane, og i vegtrafikken er elgpåkøyrslene også eit monaleg tryggleiksproblem. Det har vore ein kraftig vekst i elgbestanden i dei siste 20 – 30 åra.