TV-program på sju timer frå Bergensbanen!

På jubileumsdagen 27. november, når Bergensbanen fyller 100 år, kan du sjå heile banen på NRK TV! Opptaka vert tekne 9.oktober i tog 602 og heile programmet skal sendas på NRK2 jubileumsdagen.

Bergensbanen 7.04 er klar til avgang. <strong> Foto: Inge Hjertaas </strong>Fredag 9.oktober filmar NRK TV Bergensbanen frå tog 602. Dette skal resultera i eit program som er på sendeplanen på NRK2 27.-28. november. Programmet vil vara i sju timar ,( tog 602 Bergen - Oslo brukar 7.04), og vil visa Bergensbanen filma samanhengande frå Bergen til Oslo. I tillegg til kamera på lokomotivet, er det eitt kamera som filmar gjennom sidevindauga.

Ved passering i tunnelar vil det bli vist historiske klipp og andre innslag frå Bergensbanen, dessutan vil det koma supplerande info på skjermen. Sendetida for programmet er ikkje endeleg fastlagd, men førebels er det sett opp frå kl. 21 fredag 27. til kl.04 laurdag 28.11.