Stor arbeidshelg på Bergensbanen

I helga 10.-11. oktober utførar Jernbaneverket fleire store arbeid på Bergensbanen. Arbeida skjer på ei rad stader og mange tog må difor erstattast av bussar laurdag og sundag fram til klokka 13.

Frå bygging av ein ny undergang under sporet ved Voss. <strong> Foto: Inge Hjertaas </strong> 

Det skal mellom anna leggjast inn fleire store undergangar under sporet for auka trafikktryggleik. I tillegg skal det gjerast arbeid med sporvekslar, bruer og i sporet.

Undergangane skal leggjast inn for å oppnå planskilt kryssing til erstatning for dagens planovergangar. Dette er viktige tiltak som aukar tryggleiken både for tog og kryssande trafikk. Det er to elementkulvertar av betong som skal leggjast inn.

Ved Gullstein like vest for Geilo
Prosjektet omfattar etablering av ny vegundergang med tilhøyrande nytt vegsystem på ca 600 meter. Undergangen får lysopning på 4x4 m. Tiltaket gjer at fem planovergangar kan fjernast, overgangar som hittil har tent som tilkomst til ein bustad/gardsbruk og ei rekkje hytteeigedommar. Totale prosjektkostnader er ca. 6 mill. kroner.
Det nye vegsystemet skal vera ferdig til bruk i månadsskiftet oktober/november i år. Då vert dei fem planovergangane stengde for all trafikk. 

Ved Eikle litt aust for Gol 
Dette prosjektet omfattar også etablering av ny kjørevegsundergang med tilhøyrande nytt vegsystem - ny veglengde er her på ca. 170 meter. Denne undergangen får lysopning på 4,5x4,5 m. Her skal tre planovergangar fjernast, den eine er tilkomst til ein bustad/gardsbruk og dei to andre er landbruksovergangar. Totale prosjektkostnader er ca. kr 5 mill. kroner.
Her òg skal det nye vegsystemet vera ferdig til bruk i månadsskiftet okt./nov. i år, og dei tre planovergangane vert då stengde for all trafikk.  

Fleire tiltak
Ved Trengereid stasjon skal den austre sporvekselen bytast ut, mellom Dale og Stanghelle skal det leggjast inn nye og kraftigare skjener og ved Vikersund på Randsfjordbanen skal ei ny bru leggjast inn. 
 
I tillegg til desse tiltaka skal det og drivast fjellrensk, grøfting og nok elektroarbeid. Aust for Voss ville arbeidet med å køyre ballasreinseverk hald fram gjennom helga.
 
Innstilte tog
For å få effektive arbeidsøkter, er mange tog difor innstilte på Bergensbanen denne helga, og erstatta med buss. Nærmare informasjon om dette finn ein på Jernbaneverket.no og NSB.no.