Rørosbanen mellombels stengd ved Koppang

Rørosbanen er torsdag kveld mellombels stengd på Koppang stasjon etter eit samanstøt på stasjonen.

Uhellet skjedde då to tog  køyrde i same retning og kom borti kvarandre i ein sporveksel. Toga hadde svært lågfart og ingen blei skadd i uhellet. Banen er stengd inntil hendinga er kartlagt og toga kan køyrast vidare.

Eit passasjertog og et godstog er råka Passasjerane er sendte vidare med buss, opplyser NSB. Uhellet skjedde klokka 17.40.