Rassikring på Dovrebanen

På Dovrebanen går det no føre seg fleire store rassikringsarbeid. Mellom Dovre og Dombås er det sett i gang tiltak på fleire stader, og også ved Losna vert banen no sikra betre. Sams for banestrekningane er sidebratt terreng med mykje vatn.

Ved Skeievoll mellom Dovre og Dombås vert det gjort omfattande rassikringsarbeider no i haust. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
- Arbeida mellom Dovre og Dombås går føre seg som del av førebuingane for ballastreinsing, men vi går mykje lenger med desse arbeida enn det som må til for å køyre reinseverket, seier overingeniør Hans Killi i Jernbaneverket på Otta.  I den bratte lia oppover mot Dombås går jernbanen på tvers av ei rekkje elve- og bekkefar. Her kjem det ved mykje nedbør og snøsmelting store vassmengder som skal leiast under jernbanefyllinga. Gjennom mange år har det ikkje vore utført tilstrekkeleg vedlikehald av terrenggrøfter og overvasssrenner. No har det vorte heilt naudsynt å få utført dette for at vi skal kunne oppretthalde dagens fart og trafikk på strekninga, seier Killi.


 

Ras og utglidingar

 Med meir pengar til vedlikehald på Dovrebanen har det no vorte mogleg å setje i gang større utbetringsarbeid på dei to problemstrekningane frå Dovre opp til Dombås og sør for Losna.

 –I sommar fekk vi verkeleg sjå tydinga av kor viktig dette er, fortel Hans Killi. Vi hadde ein sommar med mykje nedbør, og terrenget vart da heilt metta av vatn.

Når dreneringssystema da ikkje fungerer slik dei skal, oppstår det fare for ras og utglidingar.   Rassikringstiltaka er no utvida til også å omfatte etablering av motfyllingar for å sikre at gamle støttemurar vert haldne på plass. 
- Arbeida har fått større omfang enn vi trudde, seier Hans Killi. Vi var jo klar over at vi hadde eit etterslep på vedlikehaldet her, men vedlikehaldsbehovet har vist seg å vere enda større. Blant anna må vi fleire stader grave dreneringsgrøfter langt utanfor jernbanen sitt område for å få kontroll på alt vatnet, fortel han. 
I år og til neste år skal det brukast 41 millionar kroner til rassikringsarbeid og førebuande arbeid for ballastreins på dei vel 12 kilometrane mellom Dovre og Dombås. I tillegg kjem ca. 5 millionar kroner for etablering av motfyllingar under støttemurane.

Som ny i 2012

Sjølv om banestrekninga no vert vesentleg mindre utsett for ras, vil arbeida gå føre seg heilt til sommaren 2012. Neste år held førebuingane for ballastreins og arbeidet med å reinske linjegrøfter, overvassrenner og stikkrenner fram. Hovudentreprenør for arbeida på strekninga er Veidekke. Det vert samstundes bygd nye føringsvegar for kablar langs jernbanen. I 2011 skal alle kablane samlast, og i 2012 skal så ballastreinseverket køyrast på strekninga. Dette skiftar ut all gamal pukk under sporet og gir eit meir komfortabelt spor å køyre på, samstundes som vedlikehaldet vert enklare. Da vil også banestrekninga framstå som like god som ny.

Omfattande kartlegging

Jernbaneverket er i ferd med å kartlegge alle jernbanestrekninger med tanke på fare for ras, utglidinger og steinsprang. - Mellom Dovre og Dombås gjer geologar no undersøkingar for å sikre at alle naudsynte tiltak kjem med, seier leiar av Jernbaneverket sitt rasutval, Trond Børsting. I år vert det utført fleire rassikringstiltak mellom anna på Bergensbanen og Flåmsbana. – Kartlegginga av alle baner held fram neste år og dette danner grunnlag for den rekkefylgja vi gjer tiltaka i, sier Børsting.