Ny haldeplass opna på Langlete

Nyleg opna Jernbaneverket den nye haldeplassen på Langlete i Haltdalen på Rørosbanen. Opninga blei markert med hornmusikk, bløtkake og kaffe. Ca 65 personar frå den lille bygda hadde møtt fram for å feire hendinga.

Mange hadde møtte fram da første tog ankom den nye holdeplassen på Langlete på Rørosbanen. <strong> Foto: Arvid Bårstu </strong> 
Det har lenge vært planlagt å byggje ein ny haldeplass ved Langlete i Haltdalen. Den gamle haldeplassen lå på ein stad med vanskeleg tilgjenge  og temmeleg kronglete tilhøve. Årsaka var at det frå gamalt av var ein stasjon på Langlete der jernbanen hadde stasjonert eit damplokomotiv for hjelpe til med å skyve tunge tog opp alle stigningane mot Røros. Plasseringa av den gamle haldeplassen på det tidlegere stasjonsområdet var soleis blitt til ut frå reint driftsmessige hensyn, og den lå ikkje på ein gunstig stad ut frå behova for persontrafikken.

Flytta nordover


No er haldeplassen flytta nærare 800 meter nordover på Langlete til ein stad med gode tilhøve og nær til riksveien. Der er det bygd ein ny og tidsmessig haldeplass med leskur og parkeringsplassar for bil og sykkel. Den nye haldeplassen har tilgjenge for alle og er også utstyrd med ladestasjon for el-bilar.

Det fyrste toget som stoppa ved nye Langlete haldeplass var tog 412 frå Trondheim til Røros laurdag 24.oktober. Meir enn halvparten av dei frammøtte valgte for øvrig å markere at bygda har fått ny haldeplass ved å bli med toget ein tur til Røros og attende.

Den nye holdeplassen er utstyrt med leskur, parkeringsplass for biler og sykler, samt ladestasjon for el-bil. <strong>Foto: Stein Ranøien</strong>