Kulturarbeid på Flekkefjordbanen

Sist i april vert arbeida fullførte på den 71 meter lange Selura bru på Flekkefjordbanen. Dermed er den største jobben gjort for at den 17 kilometer lange banen frå Sira til Flekkefjord skal kunne stå fram som det viktige kulturminnet han er.

Oppsynsmann Edmund Birkeland gleder seg over at Selura bru på Flekkefjordbanen nå er satt i stand. (Foto: Njål Svingheim)  

– Dette har vi sett fram til, seier oppsynsmann Edmund Birkeland.  
 
Flekkefjordbanen er rik på kulturhistorie og går gjennom eit dramatisk fjordlandskap. Banen skal fredast og det tyder at han nå vert sett i stand igjen. 
Edmund Birkeland er oppsynsmann og jobbar til dagleg på Sørlandsbanen, men han har også oppsyn med den nedlagde sidelinja frå Sira og ned til Flekkfjord. Det største hinderet på Flekkefjordbanen har til no vore Selura bru like ved Flekkefjord som i lang tid har forfalle. Men i vår har brua blitt fullstendig rehabilitert som ein del av Jernbaneverket sitt ansvar for å ta vare på viktige kulturminne. Heile konstruksjonen med alt av stål er sandblåse og måla, samstundes som det er gjort naudsynte reparasjonar etter dei gamle originalteikningane slik at brua nå står fram som ny. Ho har også fått nye sviller og gangbaner, og det gamle sporet er justert og lagt på plass. – Brua er dermed klar for tog igjen, smiler Edmund Birkeland.

Viktig kulturminne
- Jernbaneverket er klar over den store verdien banen har som kulturminne, og ein tar sikte på å setje i gang fredingssak til  neste år, opplyser Magne Fugelsøy som er ansvarleg for verneplanarbeidet i Jernbaneverket. - Derfor set vi no banen i køyrande stand slik at vern gjennom bruk kan verte mogleg, seier han. 

Banereparatør Morgan Aamodt har køyrt 10-15 turar på Flekkefjordbanen i samband med arbeida på Selura. Sviller, materialar og delar til arbeida er køyrde fram på Flekkefjordbanen for å kome til på arbeidsstaden. – Sporet er heilt ok å køyre på, men vi køyrer veldig forsiktig da folk langs banen ikkje er vane med at det er trafikk her, seier Aamodt.

Elling Ueland og Tor Tuen fra Jernbaneverket Drift vest legger siste hånd bruarbeidene ved å montere nye gangbaner. (Foto: Njål Svingheim)

Fakta om Flekkefjordbanen

- Opna i 1904 som ei lenging av Jærbanen frå Egersund
- Opphavleg smalspora, 1067 millimeters sporvidd
- Lagd om til normalspor og knytt til Sørlandsbanen på Sira i 1944
- Har halde på sitt gamle smalsporprofil trass i at sjølve skinnegangen  er normalspora
-Banen representerer ein viktig epoke i norsk jernbanebygging
-Skal fredast og vert no sett i stand for tog