- Jernbanen går ei lysare tid i møte

- Jernbanen i Noreg går ei lysare tid i møte, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved opninga av årets store jernbanekonferanse, Jernbaneforum 2009. Statsråden vedgjekk at det har vore ei elendig satsing på jernbanen gjennom mange år, men minte om at det no er gjennomført ein kraftig auke i jernbanebudsjetta.

- Jernbanen går ei lysare framtid i møte, sa samferdselsministeren på årets Jernbaneforum-konferanse. (Foto: Øystein Grue)

Årets jernbanekonferanse samla 250 deltakarar som kunne høyre ein statsråd som lova ein annan og betre jernbanekvardag i 2012 når dobbeltsporet Lysaker – Sandvika er ferdig og NSB har fått 50 nye togsett med til saman 14 000 fleire togsete. Samferdselsministeren erklærte at det har vore ei elendig jernbanesatsing her i landet gjennom fleire år. – Men budsjetta er no kraftig auka, og vi skal syte for eit ytterlegare løft i åra framover, sa Navarsete. – Det vil bli lagt særleg vekt på utbygging av intercitytriangelet på Austlandet, rundt dei fire store byene, Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim og tilrettelegging for meir godstrafikk, sa ho. Statsråden røpte elles ikkje noko frå innhaldet i Nasjonal transportplan som vert lagd fram 13 .mars. 

Høgare fart
Jernbanedirektør Elisabeth Enger opna med å slå fast at det no er in entusiastisk giv i Jernbaneverket. Enger varsla ei gradvis betring av punktlegskap og oppetid i infrastrukturen dei komande ti åra på bakgrunn av dei pengane som er løyvde, og som ho ventar vil kome dei neste åra. Enger viste også til at trafikken i fjor auka med fire prosent på Østfold- og Vestfoldbanen, mens han auka med heile tolv prosent på strekninga Oslo – Lillehammer der toga køyrer snøggast. - Vi ser altså at der toget går raskare enn bilen, vert trafikkveksten størst. Mellom Oslo og Lillehammer kjem den høge farten av at toga nyttar Gardermobanen frå Oslo til Eidsvoll.  

- Jernbaneverket er innstilt på å tilpasse sin utbyggingsstrategi etter nye behov, sa jernbanedirektør Elisabeth Enger. (Foto: Øystein Grue)

Jernbanedirektøren varsla at Jernbaneverket er innstilt på å fornye og å tilpasse strategien for utbygging av intercitynettet på Austlandet etter nye behov. Hun kunne vidare fortelje at Jernbaneverket ønskjer å ta heilskaplege grep med omsyn til arealplanlegging i samarbeid med fylka og kommunane.

Jernbaneverket vil gjerne sjå på korleis vi kan byggje ut eksisterande infrastruktur mellom dei store byane og forholdet mellom opprusting, kapasitetsutviding og forbetringar av dei eksisterande banane og tanken om å byggje heilt nye banar for høgfart. Debatten om høgfartsbanar vil kunne ha nytte av ei slik vurdering, sa Elisabeth Enger.