Isnett tryggjer Ofotbanen

I Norddalen på Ofotbanen har Jernbaneverket no montert eit stort isnett oppe i den stupbratte fjellsida over banen. Hensikta er å hindre is, som her byggjer seg opp i store mengder, i å rase ned i sporet.

Her bores det for bolter til isnettet i Norddalen. <strong>Foto: Knut Karlsen </strong> 
- Dette gir tryggare bane for både tog og banearbeidarar, samt færre driftsavvik, seier geolog og prosjektleiar Knut Karlsen i Narvik. 
Isnettet, som er på hele 800 kvadratmeter, blei montert på seinsommaren i år.

Nettet er hengt opp over ei blankskurt, stupbratt fjellside 80 til 130 høgdemeter over jernbanelinja.  

- I denne fjellsida byggjer det seg opp store mengder is kvar einaste vinter, fortel Karlsen. 

- Vi har tidlegare hatt fleire isras her om våren når fjellsida varmest opp. Det har også skjedd at is som rasar oppe i fjellsida utløyser snøskred lenger ned som så rasar ned på jernbanen. Med det nye nettet på plass vil ikkje isen rase ut, men tine og smelte innafor nettet oppe i fjellsida, seier Karlsen. Det siste store raset på steaden gjekk i april 2007. 
 

Luftig jobb


For å få montert det nye isnettet var det naudsynt med bruk av både helikopter og vante klatrarar som firte seg ned i fjellsida. Arbeida er utført av entreprenøren Betongrenovering Drift AS, og heile jobben beløper seg til cirka 1,5 millionar kroner. Det har gått med 250 fjellboltar, 150 meter fjellbånd og altså 800 kvadratmeter med isnett.

Ofotbanen går store deler av strekninga på eu hylle i fjellsida frå Narvik og opp til Bjørnfjell. Det er ulike rassikringstiltak som overbygg gjerder, rasvarslingsanlegg og nett ei rad stader langs banen.

Isnettet henger i den stupbratte fjellsiden over Ofotbanen der et malmtog passerer på bildet. <strong>Foto: Knut Karlsen </strong>