Jernbaneverket vil ha dialog om stasjonar

Jernbaneverket ønskjer ein dialog med fylkeskommunar og NSB om den framtidige stasjonsstrukturen. I dei næraste åra skal det nyttast store summar på modernisering og oppgradering av stasjonar og haldeplassar i jernbanenettet.

Flåm stasjon har fått ny og lengre plattform i år. <strong> Foto: Bjørn Skauge </strong> 
Jernbaneverket er i full gang med plattformlengingar og oppgraderingar, men det kan også bli naudsynt å drøfte nytteverdien i høve til kostnadene for oppgradering ved ein del mindre stasjonar.

Auka toglengder har ført til at til saman meir enn 150 plattformer må gjerast lengre. Nye forskriftskrav tilseier at plattformene må dekkje heile lengda til dei toga som stoppar der. I 2009 vert 18 plattformer lengde i samsvar med pålegg frå Statens jernbanetilsyn.

-Vi har om lag 60 stasjoner og holdeplasser med færre enn 10.000 til 15.000 reisende i året, men vi har ingen liste der vi har klarlagt hva slags løsning som vil være den beste, sier direktør for marked og kommunikasjon i Jernbaneverket, Svein Horrisland.

I Jernbaneverket sitt Handlingsprogram for perioden 2010 – 2019 blir det teke til orde for ein dialog om desse stasjonane og haldeplassane.

 Vi ønskjer nå ein dialog med NSB og dei fylkeskommunane det gjeld for å vurdere om nytten av å oppgradere alle desse står i høve til kostnadene. Vi vil gjerne få til ei nærmare kartlegging av kva for utviklingsplanar for busetjing og næringsliv det er i nærleiken av stasjonane, og gjennom det lage ei prioriteringsliste i samråd med fylke og andre aktørar. Slik kan vi sikre oss at vi bruker pengane rett, seier Horrisland.

Tangen stasjon skal få ny sideplattform i løpet av året. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

Knutepunkt


Det kan vere små stader der potensialet for auka trafikk er til stades, og det kan vere små stader der vi heller bør vurdere nedlegging. Vi kan også tenkje oss andre løysingar som å slå saman fleire små haldeplassar til eit nytt knutepunkt innanfor eit område eller vurdere tilbringarteneste til nærmaste større stasjon. I alle høve vil vi måtte vurdere kvar stasjon for seg fordi ingen stader er like, seier Horrisland.

Jernbaneverket planlegg å bruke 680 millionar kroner på ombygging og oppgradering av plattformer og stasjonar fram til 2019. Da er det svært viktig at vi bruker pengane slik at nytten vert størst mogleg for samfunnet, seier Horrisland. Fylkeskommunane og andre aktørar vil bli inviterte til dialog med Jernbaneverket om dette i nærmaste framtid.

Blir gjor lengre i år


Her er lista over plattformer som etter planen skal vere gjort lengre innan utgangen av 2009. Ein del av arbeida er ferdige, medan andre i er i full gang.

BergsgravVerdal kommune i Nord-Trøndelag (Nordlandsbanen)
VestfossenØvre Eiker i Buskerud (Sørlandsbanen, to plattformer)
SparbuSteinkjer kommune i Nord-Trøndelag (Nordlandsbanen)
LøtenLøten kommune i Hedmark (Rørosbanen)
MørkvedBodø kommune i Nordland (Nordlandsbanen)
FlåmAurland kommune i Sogn og Fjordane (Flåmsbana)
GullhellaAsker kommune i Akershus (Spikkestadbanen)
TangenStange kommune i Hedmark (Dovrebanen)
SnartemoHægebostad kommune i Vest-Agder (Sørlandsbanen)
VenneslaVennesla kommune i Vest-Agder (Sørlandsbanen)
GylandFlekkefjord kommune i Vest-Agder (Sørlandsbanen)
GruaLunner kommune i Oppland (Gjøvikbanen)
GolGol kommune i Buskerud (Bergensbanen)
HarestuaLunner kommune i Oppland (Gjøvikbanen)
NordbyUllensaker kommune i Akershus (Hovedbanen)
HanaborgLørenskog kommune i Akershus (Hovedbanen)
GeiloHol kommune i Buskerud (Bergensbanen)

 
I tillegg kjem det ei rad stasjonar som i år vert modernisert også av andre omsyn, mellom anna gjeld dette Nydalen på Gjøvikbanen, Stange på Dovrebanen og Langlete på Rørosbanen. Også på Koppang og Tolga på Rørosbanen er det sett i gang arbeider nå i haust.