Full fart i Arnanipa tunnel

Etter to og eit halvt år med saktekjøring i Arnanipa tunnel på Vossebanen, er det no full fart igjen. Eit omfattande fornyingsarbeid er fullført og no er saktekjøringa oppheva Dermed kom toga i rute att. Dette er eit av dei første større tiltaka som er ferdige etter at Jernbaneverket no har fått meir pengar til vedlikhald.

Arnanipa tunnel har munninga i austre enden av Arna stasjon. (Foto: Njål Svingheim)
Arnanipa tunnel, like aust for Arna stasjon, har måtta tola ein tøff trafikkbelastning frå tunnelen var ny i 1964. Etter kvart vart det klart at skjener og sviller var på veg inn i endetida, og eit større fonyingsarbeid var nødvendig. Vedlikehaldsmidlane har imidlertid vore litt for knappe, og saktekjøring måte innførast i påvente av lysare budsjett-tider. Dette har vore ei vesentleg årsak til at trafikken har vore for lite punktleg på Vossebanen dei siste tre åra.

I år kom midlane, og 7. januar var Norsk Jernbanedrift AS i gang med arbeidet.  3600 gamle bøkesviller er tatt ut og erstatta med betongsviller, og 2,2 km skjener er òg bytt ut med nytt.