Første nye lastetraktor til Jernbaneverket

Jernbaneverket er no i ferd med å kjøpe nye lastetraktorar, og den første maskinen kjem til Noreg denne veka. Lastetraktorane vert nytta i samband med dei fleste typane sporvedlikehald, inspeksjonar og snørydding, og det er ei hardt tiltrengt utskifting som no vert sett i gang.

Den første nye lastetraktoren kjem til Noreg denne veka. <strong> Foto: Kenneth Myhre </strong>

Tre nye og større maskinar skal leverast for utprøving i vinter.  Jernbaneverket har inngått kontrakt med norske MiTrans om leveringa av tre lastetraktorar bygde av AMC2 i Italia med opsjon på ytterlegare ni maskinar.

– I vinter skal vi prøve ut desse tre maskinane under dei meste krevjande vintertilhøva vi har for å hauste røynsle med dei i all slags bruk.

Det seier leiar av maskinsentralen i Jernbaneverket, Dag Aarsland.  Maskinane er spesialtilpassa for bruk i Noreg, men er laga av kjende komponentar.

Vintertesting avgjer

Den første maskinen skal no til Hamar for montering av norsk tryggleiksutstyr og bremsetesting og typegodkjenning. Dei neste to skal leverast i desember.  – Dersom maskinane viser seg å fungere tilfredsstillande under utprøvingane i vinter, vil vi utløyse opsjonen på ytterlegare ni slike lastetraktorar, seier Aarsland. I vinter blir maskinane hovudsakleg å sjå på Bergensbanen med utgagnspunkt frå Myrdal, på Nordlandsbanen, i Osloområdet og på Rørosbanen dersom det blir ein skikkelig kuldeperiode der.

Større og kraftigare

Den nye typen lastetraktor er utstyrt med ein motor på 850 hk og kan kjøre i 100 km/t. – Ein stor skilnad frå tidlegare er at dei nye traktorane er utstyrte med boggiar, noko som betrar gangeigenskapane på sporet og gjer det mogleg å montere tyngre utstyr på dei.  Maskinane veg 54 tonn og er med det monaleg større enn dei lastetraktorane Jernbaneverket har frå før.

Dei nye maskinane er større enn dei gamle.