Folkefest for jubileumstur på Rjukanbanen

Søndag 9. august var det på dagen 100 år sidan kong Haakon opna Rjukanbanen. Jubileumsferda som markerte dette gjekk frå Notodden til Rjukan og var hendingsrik – med fredingsvedtak frå Riksantikvaren for jernbaneferjene Storegut og Ammonia som eitt av mange høgdepunkt.

Då Storegut kom til Mæl var det truleg fleire på kaia enn nokon gong før. (Foto: Per-Børge Moltubakk)Siste månadane har Stiftelsen Rjukanbanen arbeidd intensivt for å kome i mål med den storstilte jubileumsferda. For entusiastane har det vore ein stor draum å på ny kome fram til Rjukan med tog. Til det siste var det uklart kor vidt Storegut kom til å få siglingsløye frå Sjøfartsdirektoratet for å ta med passasjerar over Tinnsjøen.

- Fredag klokka halv tre fekk vi lov til å køyre båt. Det har gått rykte om at vi ikkje skulle køyre båt – men vi skal køyre båt, kunne ein stolt Øystein Haugan, dagleg leiar i stiftinga Rjukanbanen fastslå.

Jubileumsferda gjekk med damptog på Tinnosbanen frå Notodden til Tinnoset, over Tinnsjøen til Mæl med M/F Storegut og med dieseltog til Rjukan. Langs heile ruta stod folk og vinka, mange hadde heist flagga til topps, litt færre hadde sprett champagnen. Ved Mæl ferjekai og stasjon låg dessutan D/S Ammonia ved land. Dette er den einaste attverande jernbanedampferja i verda.

- For å trygge att desse to klenodia er sikra for ettertida, og at vi får meir kontroll over kva som skjer når det gjeld pålegg og krav, har Riksantivaren fatta vedtak om freding av Storegut og Ammonia, kunne riksantikvaren sjølv, Nils Marstein, opplyse.

Stiftelsen Rjukanbanen arbeider saman med lokale krefter i Odda for at industristadane Rjukan, Notodden, Tyssedal og Odda saman skal kome UNESCO si verdsarvliste, og då som industrihistoriske kulturminne knytt til kraftproduksjon.

Rjukanbanen og Tinnosbanen vart bygde for å ta seg av transporten til og frå Norsk Hydro på Rjukan. Etter to år på damp, vart banane elektrifiserte i 1911. Dette var den første elektriske normalspora jernbanelina i Noreg, 11 år før NSB tok til med elektrisk drift. Eit Norsk Hydro-dotterselskap eigde i starten både Rjukanbanen og Tinnosbanen. Staten overtok Tinnosbanen i 1920, i 1955 overtok NSB eigarskapet. Persontrafikken på strekninga Rjukan–Mæl var lagt ned allereie i 1970, medan han heldt fram til 31. desember 1990 på strekninga Notodden–Tinnoset. Gods- og ferjetrafikken heldt fram til 5. juli 1991.

Det var straummangel på Tinnosbanen under jubileumsferda, sidan fem kilometer av køyreleidninga var stole. Norsk Museumstog varta derfor opp med damp og diesel.