Flåm stasjon får ny plattform

Det blir nå lagt betre til rette for passasjerane på Flåm stasjon. Ei ny og monaleg breiare plattform skal stå klar før turistsesongen startar for alvor. Arbeida er i full gang og det blir no gode tilkomstforhold til to tog samstundes sjølv midt i den hektiske turistsesongen i Flåm. Flåm blir dermed den første stasjonen av dei mange som skal få betre plattformer.

Anlegget av ny plattform i Flåm er i full gang. Den nye plattformen blir dobbelt så bred som den gamle. (Foto: Bjørn Skauge)

 Rundt 600.000 passasjerar reiser no med Flåmsbana i året. Det er langt fleire enn nokon hadde våga å håpe på for berre få år sidan. Den spesielle banestrekninga gjennom bratt og vill vestlandsnatur dreg til seg så mange turistar at det til tider har vore trongt og uoversiktleg på stasjonen i Flåm. No vert det bygd ei ny og mykje breiare plattform som gjer det mogleg å ha tilgjenge til to togsett samstundes. Plattformbreidda på den gamle plattforma gjorde at det ikkje var mogleg å opne for påstiging til eit tog samstundes med at eit anna tog køyrde inn. Tilhøva vert også mykje tryggare og meir oversiktlege for passasjerane, og plattformlengda vert auka. 

- Vi aukar no kapasiteten og gir samstundes betre av- og påstigingsforhold, seier Berge Sørstrønen i Jernbaneverket, Region Vest. - Den nye plattforma er allereie godkjend og vil bli opna 15.april, seier han. Samstundes får stasjonen også eit nytt informasjonssystem. For å få plass til den nye plattforma har Jernbaneverket fjerna eitt spor og lagt om sporplanen på Flåm stasjon.

Den nye plattfoma vert tilgjengeleg for alle og får taktil merking.

Anlegget er gjennomført som et spleiselag mellom Flåm Utvikling AS og Jernbaneverket med ei fordeling på ca. 2 millionar kroner på kvar.  

Jernbaneverket skal forbetre ei stort mengde plattformer over heile landet og ei rad stasjonar vil få betre av- og påstigningstilhøve allereie i år.