Dobbeltsporet Sandnes – Stavanger offisielt opna

Måndag 14 .desember vart det nye dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger offisielt opna av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Samtidig med at banen mellom dei to byane er modernisert for 2,2 milliardar kroner med nye spor og nye haldeplassar, vart det frå opningsdagen også togavgangar kvart kvarter på strekninga.

Frå venstre, byggjeleiar i Jernbaneverket Norvald Skjoldli, samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og byggjeleiar Jarle Melby i Baneservice AS. <strong> Foto: Odd Furenes </strong> 

- Dobbeltsporet er viktig for næringslivet, det er viktig for folk når dei skal på jobb og det er viktig for å avlaste og gi betre plass på E39 og riksveg 44, sa samferdselsministeren. - Dette er eit monument over at regjeringa bryr seg om Rogaland, sa ho. Stasjonar og haldeplassar på den nye strekninga er Stavanger, Paradis, Mariero, Jåttåvågen, Gausel og Sandnes. –Høyr på desse namna, dei er jo som eit dikt, sa Meltveit Kleppa. Ho kappa sjølv vaieren som markerte opninga. 

Jernbanedirektør Elisabeth Enger roste prosjektorganisasjonen for innsatsen og for viljen til å få prosjektet på plass trass i utfordringar med blant anna valet av signalanlegg undervegs. – No har toget kapasitet til å transportere 12 000 passasjerar kvar time mellom Sandnes og Stavanger. Det vil lette presset på hovudvegane inn mot Stavanger, sa Enger.- Vi har ikkje berre bygd eit ekstra spor på denne strekninga. - Vi har også modernisert heile anlegget og dermed ryggraden i kollektivtrafikken på Jæren, sa jernbanedirektøren. 

Byggjetida for det nye dobbeltsporet har vore tre år. Strekninga er 15 kilometer, det er bygd fire nye stasjoner/haldeplassar, og anlegget har kosta 2,2 milliardar kroner.

No går det tog kvart kvarter mellom Sandnes og Stavanger. (Foto: Njål Svingheim)