Byggjer nytt spor på Dovrebanen

Jernbaneverket byggjer no nytt spor på Dovrebanen mellom stasjonane Dombås og Fokstua. Strekninga er 17 kilometer lang og har i fleire år hatt nedsett fart, mange sporfeil og store utgifter til feilretting.

 Mot slutten av september har heile strekninga Dombås - Fokstua fått nytt spor. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>
På den vel 17 kilometer lange strekninga stig Dovrebanen frå 659 meter over havet på Dombås opp til 952 meter over havet på Fokstua på Dovreplatået. For å overvinne den kraftige stigninga er banen lagd i ein stor boge vestover og gjennom Grønbogen vendetunnel. Over tid vert sporet i slike lange stigningar nedkøyrt, og det vert problem med såkalla skjenevandring som følgje av bremsinga som toga gjer nedover den lange bakken. Skjenevandring tyder at skjenene vert  skuva nedover i same retning som toga bremsar. No køyrer ein det mest moderne sporombyggingstoget som svenske Banverket har på strekninga, og resultatet vert nytt spor med 60 kilos skjener, nye sviller og ny pukkballast.

– No vert sporet totalfornya for 78 millionar kroner, og dette er etterlengta og gledeleg, seier banesjef Knut Haugen.

Sporombyggingstog

Det er Structon Rail som er hovudentreprenør for Jernbaneverket på den store jobben. Fleire underleverandørar er også med, men den klart største av dei er Banverket Produktion frå Sverige med sitt sporombyggingstog. Sporombyggingstoget er konstruert slik at når det køyrer langsamt framover på det gamle sporet, så vert det samtidig lagt eit helt nytt ferdig spor bak toget. Enkelt sagt er dette ein kjempestor ”sporfabrikk” som sakte sig framover linja. I Sverige finst det to slike sporombyggingstog og i Noreg eitt. – Det er dei auka rammene til sporvedlikehald som no har gjort det mogleg for oss å ta i bruk slike effektive metodar for å fornye sporet, seier banesjef Haugen. Det er fleire år sidan sporombyggingstog har blitt brukt ved sporfornyingar i Noreg. Sporombyggingstoga kan også brukast ved bygging av heilt nye spor på nybygde strekningar.

Det norske sporombyggingstoget, som Baneservice AS eig, har elles denne veka avslutta ein større jobb med svillebyte på tre parsellar av Rørosbanen. 

Store mengder

For å byggje det nye sporet på 17, 8 kilometer går det med 28 000 sviller, 35600 meter skjener og store mengder pukk. – Vi får eit eige tog opp frå fabrikken på Hønefoss med sviller omtrent kvar dag, fortel byggjeleiar Torgeir Husby. Mot slutten av september skal jobben vere fullført.    
 
Med nytt spor aukar også tryggleiken på strekninga, det blir minska fare for solslyng, ein får tilbake normal fart som er opptil 130 km/t, og ein får kraftig reduserte utgifter til feilrettingar. Medan ein har venta på sporfornyinga,  har det av omsyn til tryggleiken vore sakte fart i fleire år for toga mellom Dombås og Fokstua.    

Sporombyggingstoget fjernar gamle sviller og skjener og legg på plass nytt spor mens det heile tida rullar framover.<strong> Foto: Njål Svingheim  </strong>