Betre spor på Bergensbanen

Det arbeides med fleire større prosjekt for å heve kvaliteteten på sporet på Bergensbanen. No i haust går det føre seg reinsing av ballasten mellom Kløve og Voss. Dette gir eit mykje betre og meir stabilt spor å køyre på.

Ballastreinseverket i Raundalen. <strong> Foto: Bjørn Løne </strong> 
- På Bergensbanen skal det i år reinsast 12 kilometer spor til saman, fortel Inge Hjertaas ved Jernbaneverket i Bergen. Tre kilometer mellom Breifoss og Myrvang like aust for Geilo er nyleg ferdig, mens det no arbeidast på ei ni kilometer lang strekning mellom Kløve og Voss.

Trafikken på Bergensbanen er stor og har vore aukande gjennom fleire år. - Den gledelege auken i trafikken får naturleg nok også følgjer for vedlikehaldet, sier Hjertaas. Svillene ligg i eit om lag 50 centimeter tjukt pukklag, og etter som åra går slitest denne pukkballasten ned. Finstoffinnhaldet aukar og dette gir etter kvart eit mindre stabilt spor med dårlegare drenering. Dette fører i sin tur til større slitasje og meir vedlikehald på andre komponentar i sporet og på togmateriellet.

Pukkballasten bør derfor reinsast med 15 til 20 års mellomrom. I dag skjer dette ved hjelp av eit såkalla ballastreinseverk. Denne maskina har eit stort gravekjede som tar ut pukken under svillene og fører han til eit sikteanlegg. Der blir pukk av rett fraksjon sikta ut og ført tilbake i sporet, medan finstoffet blir fjerna.
 
Eit stort gravekjede tek ut pukken under svillene. <strong>Foto: Bjørn Løne</strong>

Ein kilometer om dagen


I tillegg blir det supplert med ny pukk som erstatning for det som er kassert. I samband med køyring av ballastreiseverket blir det og køyrt pakkmaskin som justerer sporet og ein ballastfordelar som legg ballasten riktig.
Dagsproduksjonen kan koma opp mot ein kilometer ferdig reinsa spor. Det er eit stort og langt maskineri som gjer denne jobben. Heile toget er på om lag 2000 tonn, og mannskapsstyrken er på over 30. Køyringa av ballastreinseverket på Bergensbanen i år beløper seg til om lag 15 millionar kroner.